27.3.09

SAMTALEN

i går kom ein av dei trugnaste kommentatorane på guffebloggen, frode, innom, for å plukka sopp og koka selleristuing med kålrabi. etter at han var reist, nytta me høvet til å friska opp den gode samtalen:

onklT: veit du kven som kjem på vitjing i påska?
eg: kven er det då?
onklT: alfred.
eg: det vert kjekt.
onkltT: veit du kven andre som kjem?
eg: kven er det då?
onklT: bror til alfred.
eg: kven er det då?
onklT: det heng bilete av han inne i stova.
eg: ivar aasen?

24.3.09

VAZELINA

det er ikkje kvar dag eg får assosiasjonar til vazelina bilopphøggers-vitsar, men her kom eg til å tenkja på alle gongene onklT har fortalt den gode gamle eldar vågan-vitsen "her går det unna, sa mannen, han sat på do og åt".

16.3.09

DRAUM

det har vore ei merkeleg helg. mor mi var i utlegd, medan eg, fem over sjuo og onklT veksla litt på å ha dårlegast mage. fem over sjuo heldt døgnope i begge endar, og imponerte som vanleg med å ikkje missa fatninga berre av di ho kasta opp litt gamal sjokoladepudding utover dei aller finaste sengkleda til mor mi.

sjølv hadde eg det ganske travelt i natt, med opptil fleire så til dei grader overfylte bleier, og nokre æresrundar med lett oppkast. til alt hell fekk eg sova litt frampå, sidan dei i barnehagen vert så ekstremt sure på mor mi når ho leverer halvdaude ungar der, og då drøymde eg mange draumar store og heftige. den siste draumen var ekstra triveleg, det fyrste eg sa då eg vakna var at eg ville ha ein bolle i ein bolle. gjerne med prim.

onklT er diverre veik på drøymetyding, og sidan draumen forsvann før eg fekk taket i han, er eg nett like vis. er det nokon som veit kva ein bolle i ein bolle er? og er det nokon som kan tyda draumen for meg?

8.3.09

80

det er godt kva som er gjort. i går var altfor mange folk samla til å feira at besten fylte 80. der var mange gripande talar, bra med songar, nokre dikt, og litt dans på bordet. fleire kommenterte at det var bra at besten heldt slike festar av og til, slik at folk kunne samlast omtrent kvart tiande år.

onklT og syskena hans hadde verkeleg lagt i selen, og stilte med mykje program. diverre øydela dei litt av det gode ryktet sitt, då eitt av innslaga, ein stramt redigert film, var på grensa til å vera vellukka. det skuldast truleg at tante K brukte mange av dei same knepa som gav ho oscar-statuett for beste film om danske diktarar for nokre år sidan. far min var lenge tiltenkt ei sentral rolle under feiringa, men, slik biletet viser, måtte han i staden kosa seg med oppvasken.