31.1.06

NETTMØTE

det er dårleg timing å ta ein pause i refereringa frå drøymeferien til far min rett før turen er over, men det er ikkje anna råd. sidan far min skal i kongevisitas, meiner mor mi at eg og ho skal stå utanfor kongehuset og vinka med eit flagg. me fer til oslo i morgon tidleg, og der er programmet så tett at det ikkje vert tid til daglege oppdateringar. eg tek difor til att tur-rapportering sundag kveld, når me er heime att.

besten, som var sjåfør og dermed køyrde i 60 til finnmark og attende, har sagt seg villig til å stilla på eit nettmøte etter at reiseskildringa er over, altså onsdag i neste veke. de kan sikkert senda inn spørsmål alt no, dersom det er noko de lurer på.

i dag har forresten foreldra mine vore i lag i ti år. mor mi feira dagen med å piska litt krem; far min var meir oppteken av å kasta ein holete og nyvaska stillongs.

DRØYMEFERIEN, DAG 20

(buffalo bill goes ice-skating)
Torsdag 3. august 1978. Bomstad - Ås
Eg vakna i åttetida. Arnstein og eg gjekk ned og bada. Torvald kom også etter ei stund. Vi leika med tømmerstokkar no også. Etter ei stund gjekk vi opp att. Besten var reist inn til Karlstad for å kjøpa ny bensinpumpe. Vi ungane spelte minigolf. Kjartan hadde nokre problem, men Kristine var overraskande god. Det var litt av ein thriller. Arnstein leda lenge. Då vi dreiv på med det tiande holet, slo Kristine på det tolvte berre for å øva seg. Ho fekk ballen opp i holet. men ho fekk han ikkje igjen. Så då vi andre også kom til det, måtte ho venta til vi andre hadde slege. Viss nokon brukte åtte slag, kunne Kristine bruka den ballen han hadde. Men det gjorde ingen, så Kristine vart oppført med åtte på det holet. Resultatlista vart slik: Arnstein og eg vann med 62, Torvald hadde 66, Kristine hadde 69, og Kjartan hadde 75. Vi gjekk ned til vatnet og bada etterpå. Eg gjekk opp att nokså tidleg. Då kom besten med bussen. Han sette på bensinpumpa. Etterpå reiste vi. Torvald og eg sat bak. Då vi kom til Grums, stogga vi og handla. Etterpå køyrde vi vidare. Då vi kom til ein rasteplass, stogga vi og åt. Det viste seg at besto hadde kjøpt to kneipbrød. Vi vart så glade for det at vi åt opp det eine. Etterpå, då vi reiste, spela Torvald og eg lygaren. Det vart litt rot av det, så det vart vanskeleg å kåra ein vinnar. Det vart bråk i midtsetet, men det vart stillare etter kvart. No ligg dei visst og søv. Vi nærma oss Noreg. Bensinen var billeg i Sverige, så vi var inne på ein stasjon og kjøpte full tank. Der kjøpte vi is. Torvald og eg fekk fersken. Like før norske grensa var det eit stort telt. Det var ein teltbutikk. Der kjøpte vi nokre ting. besto kjøpte ein "vindy" til oss. Etterpå køyrde vi inn i Noreg. Vi kom til Mysen, og besto gjekk inn på telegrafen for å ringja til Rasmus. Dei var heime, så vi reiste dit. Då vi kom til Ås, vart det litt problem med å finna vegen dit Rasmus budde. Men det gjekk til slutt. Der vart vi møtt av Rasmus og Anne og Bente og Gro. Då vi hadde helst på kvarandre, gjekk vi inn i huset. Det vart litt småprating. Anne sette på bordet, og så åt vi. Etterpå las vi i blad som Bente fann til oss. Vi var trøytte, og la oss ei stund etter.
Neste dag - 4. august 1978

DRØYMEFERIEN, DAG 19

(get it here)
Onsdag 2. august 1978. Leksand - Bomstad
Arnstein og eg vakna tidleg. Vi gjekk ut. Dei andre var og vakne. Vi åt. Etterpå gjekk Arnstein og eg ned og såg på dei som spela spel. Etterpå gjekk vi opp att. Arnstein og eg sat bak då vi reiste. Eg byrja å lesa om Marconi, men Arnstein ville ha boka. Eg byrja då å skriva her. Då vi kom til Borlänge, svinga vi mot Ludvika. Torvald var kartlesar. Han sa vi skulle køyra på vegen mot Ørebro heilt til vi kom til Kopparberg. Der skulle vi køyra mot Karlstad. Då vi var komne litt forbi Kopparberg, stogga vi. Besten måtte ha ein kvil. Eg tok ut badminton for at eg og Torvald og eg skulle prøva å slå det vi klarde i dag tidleg, 103+100+58=261. Men Arnstein skulle plent prøva dei nye ballane me hadde kjøpt, så då Torvald og eg hadde lagt inn igjen presenningen vart det slåsskamp om køllene. Den slutta raskt då eine kølla knakk. Vi reiste vidare. Forbi Hammarn, Persberg og Filipstad. Ei stund etter Filipstad stogga vi for å eta. Der bada vi litt også. Etter at vi hadde ete, køyrde vi til Brattfors. Der kjøpte vi is og fersken. Det var Torvald som ville ha fersken. Etterpå køyrde vi vidare. Vi kom til Karlstad. Derifrå var vi tenkt å kjøpe klistremerke, men fann ingen plass å stogga. Då vi kom ut frå Karlstad, køyrde vi inn på ein campingplass. Der var det ikkje hytter. Det var ein annan like ved, og der var det hytter. Det var ikkje ledige hytter. Då vi skulle ut att, svikta bensinpumpa. Då prøvde besten å fiksa det. Det gjekk ikkje. Han gjekk bort i informasjonen og sa kva som var i vegen. Då vart det til at vi skulle ha hytta til ho som tok pengar frå dei som skulle bada. Torvald, Arnstein og eg spela minigolf. Det var tolv hol. Eg vann, Arnstein kom på andre, og Torvald på tredje. Etterpå gjekk vi ned for å bada. Det var langgrunt. Eg var svolten, og gjekk opp til hytta for å eta. Det var betasuppe. Eg åt to porsjonar. Etterpå gjekk vi ned att i Vänern. Der var det tømmerstokkar. Vi leikte at dei var torpedoar. Vi hadde ein kvar. Vi skaut våre eigne mot dei andre sine. Då vi vart lei av det. Då gjekk vi opp att og la oss.
Neste dag - torsdag 3. august 1978

30.1.06

BRUASET 2

der ingen skulle tru at nokon kunne bu, del II:
kontiki-museet, oslo

DRØYMEFERIEN, DAG 18

(the meaning of life)
Tirsdag 1. august 1978. Gnarp - Leksand
Eg vakna tidleg. Eg byrja å skriva i boka her med ein gong. Då eg var ferdig med det, gjekk Torvald og eg ut og spela badminton. Men det vart ikkje oppnådd nokon særleg høge resultat. Det blas for fælt. Besto sa vi skulle koma å eta, og det gjorde vi. Vi reiste då vi hadde pakka inn i tilhengjaren. Klokka var ikkje ni då me reiste, så det var nokså tidleg. Torvald og eg sat bak. Eg talde bilsortar. Det er i Sverige Volvo blir laga, så eg vart ikkje overraska over at dei vann klart. Scania kom på andre med 15, og endå ein svensk bil kom på tredje, nemlig Saab. Den hadde 14. Då vi kom til Ljusdal, stogga vi for å handla. Det tok litt tid, men vi vart då ferdige ei stund etter. Det Kristine, Kjartan og Arnstein hadde lyst til no, var å bada. Vi fann ein plass etter ei stund. Det var ei bru like ved plassen. Den gjekk vi ut til. Vi åt der også. Då vi skulle til å reisa, reiste alle unntagen Torvald og meg inn i ei kyrkje. Då vi reiste vidare bestemte eg meg for å skriva i denne boka. Og det gjorde eg også. Vi køyrde gjennom eit ubebygd område. I frå vegen såg vi ein skogbrann. Besten var ute og filma litt. Vi køyrde gjennom Orsa. Etterpå kom vi til Mora. Der stogga vi. Først prøvde vi å finna ein butikk der vi kunne kjøpa knivar. Vi fann ein butikk, Mora Nisses sport. Der gjekk vi inn. Dei hadde knivar der. Etter ei stund fann vi ut kva knivar vi ville ha. Vi gjekk vidare i gata. Besto var inne i ein butikk og kjøpte ein lysestake. Det var ein leikebutikk der, og der var vi og innom. Arnstein kjøpte to båtar med motor, Kristine kjøpte ein teddybjørn, og Kjartan kjøpte ein truck. Etterpå var vi tenkt å gå i eit museum. Men det var stengt, så vi køyrde heller vidare. Då var vi på jakt etter hytteplass. Det fekk vi ikkje på nokon campingplass. Då vi hadde vore inn på tre-fire campingplassar, bestemte vi oss for å liggja i telt. Arnstein og eg skulle liggja i bilen. Torvald, Arnstein og eg gjekk ned for å sjå på dei som spela minigolf. Arnstein gjekk ned til eit basseng. Der prøvde han båten sin. Den virka visst fint. Torvald og eg såg på spela ved sida av minigoflbana. Det såg kjekt ut, så eg spela nokre gonger. Etterpå spela vi minigolf. Torvald vann med 81, eg fekk 82, og Arnstein fekk 91. Etterpå gjekk vi opp att. Der hadde dei allerede byrja å leggja seg. Så gjorde vi det også.
Neste dag - onsdag 2. august 1978

29.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 17

(her osb.)
Mandag 31. juli 1978. Vasa - Gnarp
Eg vakna tidleg. Arnstein, Torvald og eg gjekk i bassenget tidleg. Då vi hadde vore der ei stund, gjekk vi bort for å eta. Då vi hadde ete, gjekk Arnstein og eg bort i kafeen og spurde etter kost og bytte. Vi fekk vita at det var i eit hus nær badebassenget. Vi tok det bort til besto, og då ho hadde vaska golvet, reiste vi inn til Vasa. Der stogga vi ved ein leikeplass. Ungane leika medan besten og besto handla. Då dei hadde handla, reiste vi ned til hamna. Der venta vi ei lita stund før vi kom innpå båten. Båten heitte Vasaexpress, men vi kalla han Vasakallen. Det var mange pengespel på båten, og me brukte dei stundom. Vi kjøpte også litt brus og liknande. Besten kjøpte kjøtkaker til dei som ville ha. Det var ein stor båt. Det var både kiosk, salong, kafeteria og bar. I salongen var det to små kioskar der dei selde kaffi og mat. Nede var det eit supermarked. Det opna klokka fem. Kvart på fem var det allerede stor kø. Det var kø også lenge etter at det hadde opna. Torvald og eg spela ofte kort. Stågå, sveltihel og kasino var det me spela mest. Klokka ca åtte svensk tid kom båten til lands i Sverige. Det var stor kø framføre utgangen. Men alle kom seg ut, og så var det å finna igjen dei som køyrde bil. Besten fann oss nesten med ein gong han kom ut. Når alle var komne inn i bilen, køyrde vi vidare. Det var Arnstein og eg som sat bak. Eg las om Thomas Masaryk. Den boka vart eg ferdig med medan me køyrde. Det var mange Volvoar ute og køyrde. Det var nesten berre Volvoar. Vi såg skilt som viste oss at det var ein campingplass her. Vi køyrde inn, og fekk hytte nr. 12. Arnstein og eg byrja med ein gong å spela badminton. Det beste vi klarte var 61+35+27=123. 49 etter min og Torvald sin rekord. Etterpå åt vi. Det var ikkje mykje vi åt. Sidan leika vi litt på leikeplassen. Etterpå gjekk vi bort og pussa tennene. Så gjekk vi og la oss.
Neste dag - tirsdag 1. august 1978

28.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 16

(forklaring her)
Sundag 30. juli 1978. Törnå - Vasa
Eg har sove godt. Eg var den siste som vakna. Kjartan rulla saman soveposen min. Eg la meg opp i øverste seng og skreiv litt i denne boka. Så skifta eg bukse og bluse. Eg gjekk ut. Der hadde besto sett på bordet. Vi åt. Eg gjekk på do. Då eg kom opp att, dreiv Torvald og besten på med å pakka inn i tilhengjaren. Då vi var ferdige med å pakka, reiste vi. Torvald og eg sat bak. Eg telde bilsortar. Men eg vart ikkje ferdig. Etter ei lita stund kom vi til Kemi. Der skulle vi ikkje stogga. Neste store by var Oulu. Der var vi tenkt å stogga, men fann ikkje parkeringsplass. Ein liten bit etter Oulu stogga vi for å eta. Der fekk eg tre fire stikk. Då vi køyrde vidare, fann Torvald og eg ut at hvis vi køyrde til i sju åtte tida kunne vi koma til Vasa i dag. Torvald strekte seg ut og tok nesten heile plassen i baksetet. Men han tok nå føtene til seg igjen. Vi kom til ein bensinstasjon. Der kjøpte Arnstein to bilar, Torvald ein liter cola og eg Spearmint. Så køyrde vi vidare. Vi kom til ei stor sandstrand. Det var langgrunt der, fann vi ut då vi gjekk uti. Vi bada ei stund. Sidan køyrde vi vidare. Vi køyrde gjennom Kokkola. Derifrå var det 121 kilometer til Vasa. Torvald og eg såg på dei kvite skilta ved sida av vegen. Det minka stadig. Det var mange som selde jordbær langs vegen, men me kjøpte ikkje nokon. Då vi kom til Vasa, køyrde vi fyrst til ein campingplass like utanfor sentrum. Der var det fullt. Dei sa at der var ein annan campingplass 3 mil utanfor byen. Vi køyrde dit, og der fekk vi hytte nr. 10. Det var eit symjebasseng på campingplassen, og dit gjekk vi med ein gong. Vi var der heilt til vi skulle eta. Då vi hadde ete gjekk Torvald og eg ut og spela badminton. Vi sette ny ferierekord med 88. Samanlagt sette vi også rekord med 88+42+42=172. Etterpå spela Torvald, Arnstein og eg dartspel. Det var Torvald som vann. Etterpå gjekk vi og la oss.
Neste dag - 31. juli 1978

27.1.06

TRIST

i dag er mor mi tung til sinns. ho hadde rigga seg til med ost og kjeks og interessant te framfor fjernsynet, for å få med seg trekkinga av kvalifiseringsgrupper til fotball-vm på direkten. det eine laget etter det andre vart trekt ut, og til slutt var noreg kome i gruppe med hellas, tyrkia, bosnia-herzegovina, ungarn, moldova og malta. det ligg ikkje akkurat an til retteleg mange gladkampar i denne gruppa, og det skal godt gjerast at nokon gidd å fylgja med gjennom heile kvalifiseringa. kanskje laget greier å gå vidare (og det ville vore bra, for då kunne spelarane brukt delar av bonusen på å få seg ein skikkeleg frisør), men for publikum er det nok snakk om ei group of death.

far min, derimot, er endå tristare enn mor mi. han er utkommandert til å vera med på noko kongegreier neste veke. sjefen hans har til og med vore relativt klar på at far min må kjøpa seg ein ny dress. kjenner eg han rett, kjøper han ein dress med store lommer, slik at han kan visa fingeren til dei kongelege utan at dei ser det.

(dette er forresten melding nummer 100 på guffebloggen. desse meldingane har så langt fått 75 kommentarar. omrekna til prosent vert dette sikkert eit passeleg tal.)

nummer 200 nummer 300 nummer 400 nummer 500

FREDAGSDIKTET 3

DRØYMEFERIEN, DAG 15

(her)
Laurdag 29. juli 1978. Ivalo - Törnå
Eg vakna omkring halv ti. Besto, besten og Torvald var alt vakne. Sidan vakna Arnstein, og så Kristine. Kjartan vakna sist og vann derfor konkurransen. Eg skreiv for fredag. Så gjekk eg ut for å eta. Eg gjekk på do. Då eg var der borte kjøpte eg to Asterixpakker. Sidan kjøpte eg tre kjærlighet på pinne. Så reiste vi. Kristine og Torvald sat bak. Då vi hadde kome ut på hovudvegen, byrja eg å skriva bilsortar. Men akk, eg vart ikkje ferdig med det eg byrja med på sundag no heller. Eg byrja å lesa i Hei, Norge. Eg las i den heilt til vi kom til ein butikk. Der gjekk besten og besto inn for å handla. Då dei kom ut att, reiste vi vidare. Vi fann ein rasteplass. Der åt vi. Etterpå las eg ut Hei, Norge. Sidan teikna eg ei ismaskin. Arnstein teikna ei epledødmaskin. Så sette eg meg til å skriva her. Og det gjorde eg. Sidan spelte vi bingo med siste tal i bilnummer. Eg vann. Arnstein foreslo at vi skulle spela sjøslag, men då vi hadde begynt, vart det berre rot. Vi kom til Rovaniemi. Der stogga vi ved ein leikeplass. Det var hengebru, taustige og mange slags rutsjebanar. Det var også eit lite klatretårn. Ved sida av leikeplassen stod det ein kiosk. Der kjøpte vi ein is til kvar. Vi kjøpte også klistremerke frå Rovaniemi. Litt seinare, då vi skulle reisa, kjøpte eg eit postkort til besten. Då vi reiste, vart det litt trøbbel med å koma på rett veg til Kemi. Men vi klarde det til slutt, og så reiste vi den vegen. Eg laga ei teikning. Den dreiv eg på med lenge. Så laga eg ein finsk versjon av danse mi vise, gråte min sang. Så skreiv eg litt i boka her. Eit par mil frå Kemi såg vi eit skilt som viste ein campingplass. Vi svinga inn, og fekk hytte nr. 5 på den trestjerners campingplassen. Eg og Arnstein og Torvald gjekk bort på kiosken. Arnstein og eg kjøpte kvar sin Asterixbrus med pæresmak. Det var ein annan brussort og med Asterixfigur framom, men eg veit ikkje korleis den smakte. Då vi hadde drukke opp brusen, gjekk vi opp til hytta. Der var besten alt i gang med å rydda ut av bilen. Vi hjelpte han litt. Så reiste vi inn for å eta. Det var speilegg. Eg åt tre stk. Det smakte godt. Etterpå gjekk vi ut for å spela boccia. Eg og Torvald spela medan dei andre vaska bilen. Sidan spela vi badminton. Vi sette ny ferierekord med 41. Tilsaman hadde vi: 41+26+25=92. Så gjekk vi inn. Vi gjekk ned på do og pussa tenna. Så gjekk vi opp att og la oss. Eg skreiv her i boka.
Neste dag - sundag 30. juli 1978

26.1.06

BRUASET 1

der ingen skulle tru at nokon kunne bu, del I:
ei blokk på vadmyra:

Bruaset2 Bruaset3 Bruaset4 Bruaset5 Bruaset6 Bruaset7 Bruaset8

SAUER

trugne lesarar veit at eg ved to høve (her og her) har vurdert alle tøydyra mine. begge gongene har radarparet bø og bæ hevda seg bra.

bø er han til venstre, og det er han eg er mest oppteken av. når eg ligg og sprellar på golvet i stova, og det gjer eg ofte, hender det rett som det er at mor mi kastar mat eller andre godbitar ned til meg. når ho vil ha fred lenge, som til dømes når tv2 sender idol, kastar ho ned desse to tøysauane til meg. det fyrste eg gjer, kvar einaste gong, er å kle av bø. i det siste har eg teke til å lura på a) kvifor eg er så oppteken av å kle av sauer, og b) kvifor det heile tida er den mannlege sauen eg kler av.

DRØYMEFERIEN, DAG 14

(forklaring)
Fredag 28. juli 1978. Svanvik - Ivalo
Eg har sove godt. Klokka var halv ni då eg vakna. Det var frukost klokka ni. Eg skreiv litt i boka for torsdag. Men klokka nærma seg ni, så eg gjekk ned for å eta frukost saman med besto, Torvald og Kristine. Arnstein og Kjartan sov. Besten var reist til Kirkenes med ein buss i åttetida for å få bilen på verkstad. Då vi hadde ete, spela Torvald og eg sjakk. Medan vi åt, kom Hans og Håvard for å sjå på. Det var eg som vann. Så spela eg mot Hans. Eg matta han nesten med ein gong, men det var så tidleg i spelet at vi spela vidare. Eg matta han igjen, og då slutta vi og spela. Etterpå spela Håvard og Torvald. Då reiste eg ned i bordtennisrommet saman med Hans. Første sett gjekk til han, men andre og tredje til meg. Så gjekk vi opp att. Der dreiv rektoren på med og informera om turen til Murmansk. Deltagarane fekk vita at dei skulle saman på eit internat. Kva rom dei skulle ha, og nærmare opplysningar skulle dei få om kvelden. Håvard og Torvald spela framleis sjakk. Dei kom gåande bortover litt etterpå. Håvard hadde vunne. Så gjekk vi i bassenget. Det var Håvard, Hans, Torvald og eg som skulle bada. Men då vi kom opp trappa, stogga besto oss. Ho hadde sett at ein av rektorsønene hadde spurt faren sin om lov, men Sørensen nekta. Dei måtte ha med seg ein stor. Men Håvard var med oss, så den saka gjekk greitt. Etter ei stund kom rektorsonen, og han hadde med seg ein kamerat. Dei heitte Hans Arne og Bertil. Arnstein kom også litt etter. Omkring halv tolv kom Kristine og Kjartan. Besten kom med kamera litt seinare. Han filma og fotograferte. Vi gjekk opp i tolvtida. Då skulle vi reisa. Først gjekk vi opp til rommet der vi budde. Vi bar ned madrassane vi låg på, og så reiste vi. Først køyrde vi berre ned til hovedinngangen. Der sat deltagarane og drakk kaffi. Vi gjekk for å sei farvel til de som sat der. Så reiste vi då, og det beint til Kirkenes. Der handla vi litt. Besten kjøpte eit par bøker, spørreboka om meg, og dyrehage. Dyrehage var noko med ein dyrehage som kunne brettast ut. Då vi reiste att, reiste vi den vegen vi hadde køyrt då vi kom. Då vi kom til Neiden svinga vi ut frå den vegen og over mot Finland. Det var ein tollstasjon på norsk side, men då vi stogga, var det ein mann på kontoret som vinka oss vidare. Vi køyrde vidare inn i Finland. Det var ikkje så dårleg veg som eg hadde tenkt meg, det var 28 kilometer med asfalt ein plass. Då vi kom til Kaamanen var det mykje betre veg. Vi kom fyrst til Enare. Vi prøvde nokre campingplassar der, men det var ikkje ledig nokon stad. Så vi køyrde vidare til Ivalo. Der kjøpte vi klistremerke. Vi fann ein campingplass. Der var det ledig plass. Vi fekk hytte nr. 24 på campingplassen, der det var fire senger og ei madrass. Eg låg på madrassen, besten og besto og Torvald og Kristine i senger, og Arnstein og Kjartan låg på golvet. Først åt vi. Så prøvde vi den finske brusen. Han var ikkje god. Etterpå gjekk vi og la oss. Torvald sa "skal vi sjå kven som søv lengst i morgon?" Forslaget blei godtatt. Så låg vi då der, og prøvde å få sova. Og det klarde vi og etter ei stund.
Neste dag - laurdag 29. juli 1978

25.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 13

(her får du hjelp til å forstå kva dette handar om)
Torsdag 27. juli 1978.Svanvik
Eg sovna nokså seint i går, så eg vart litt sint då besto vekte meg i åtte-tida. Men eg stod opp, kledde på meg og gjekk ned for å eta. Då vi hadde ete, spela vi litt sjakk. Kristine sa at jentene skulle i bassenget klokka ti. Hans, Arnstein og eg gjekk i bassenget litt før ti. Ei stund etter kom Torvald og Kjartan. Jentene som liksom skulle koma klokka ti, kom ikkje før kvart på elleve. Og det var berre Christel og ei som heitte Alfhild som kom. Kristine kom ei stund etter. Vi gjekk opp klokka halv tolv, då hadde vi vore der lenge nok. Vi gjekk og spela bordtennis. Vi spela lenge. Så gjekk vi opp for å spela sjakk. Vi tenkte det var lunch klokka halv tre, men det var ikkje før klokka tre. Vi åt. Då vi hadde ete, fekk vi vite litt om turen til Grense Jakobselv. Når bussen skulle gå, og diverse ting om kveldsmaten. Avgangen skulle gå klokka halv sju. Det vart sett mat fram til klokka seks. Då kunne deltagarane smørja matpakke. Det gjorde vi då, og vi reiste i eigen bil. Det var tre som køyrde i eigen bil. Vi stogga nokre stader. Då vi var nesten framme, stogga vi for å sjå kong Oscars kapell. Ei stund etter reiste vi vidare. No sat eg i Frode og dei sin bil. Brått såg vi besten svinga inn til sida. Han vart ståande. Vi lurte litt på kvifor han stogga. Då vi kom fram, kleiv Frode og eg opp på eit lite berg der. Då såg vi at familien kom gåande. Dei sa clutchen var roken. Det var ein mann som køyrde i den tredje bilen, han sa at han kunne køyra besten til Kirkenes. Vi andre var der ei stund. Vi åt. Då vi skulle tilbake, sat både eg, Arnstein og Torvald hjå Frode og dei. Vi las i blad. Då vi kom heim etter ein lang køyretur, la vi oss med ein gong. Klokka var halv eitt. Besto og Kjartan og Kristine, som hadde køyrt i bussen, kom like etter oss. Eg sovna nesten med ein gong.
Neste dag - fredag 28. juli 1978

24.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 12

(Her står det alt om kva dette er)
Onsdag 26. juli 1978. Svanvik
Eg har sove godt. Først vakna eg i sjutida, men eg sovna igjen og vakna ikkje før åtte. Då var det frukost, og vi gjekk ned og åt. Etterpå spela Arnstein og eg sjakk. Eg vann. Sidan reiste vi ned i bordtennisrommet. Der var Frode og Christel. Men då vi kom inn, var Christel av ein eller annan grunn blitt sur, så ho gjekk. Vi andre spela litt. Etterpå gjekk vi i bassenget. I programmet stod det at det var rundtur på Svanvik klokka halv tolv, men det brydde ikkje vi oss om. Vi var der til klokka var nesten to. Då var det lunch, så då gjekk vi opp. Etter at vi hadde ete, gjekk Frode, Arnstein og eg på oppdagingsferd i bygningen. Vi var innom i kvart rom som ikkje var låst. Vi stogga i nokre, mens vi for rett igjennom andre. Vi visste ikkje akkurat kva vi skulle gjera. Det vart til at vi gjekk i bassenget. Vi var i bassenget eit par timar også denne gongen. Klokka sju var det festmiddag, til ære for Fossgard. Det var reinsdyrkjøtt med grønsaker og poteter. Til dessert var det is. Etterpå gjekk vi ut, Frode, Arnstein og eg. Der var det to som sykla på ein sykkel. Vi tulla litt med dei. Det var sønene til rektor'n. Litt etterpå kom jentene og sa at dei ville spela bordtennis. Men vi gutane sprang inn i rommet og byrja å spela. Jentene sa at dei hadde fått låna han, men vi spurde ein av sønene til rektoren (det var sonen som eigde ballen) om vi fekk låna han, og det fekk vi. Vi spela ei stund. Etterpå var det dans. Eg dansa med mor. Men eg var trøytt og ville leggja meg. Så gjekk eg bort hit. Eg skreiv i denne boka. Torvald kom etter ei stund. Men eg pussa tennene og la meg.
Neste dag - torsdag 27. juli 1978

23.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 11

(her står det kva dette har her å gjera)
Tirsdag 25. juli 1978. Svanvik
Eg vakna i halvåtte tida i dag. Torvald og eg byrja å spela leksikon. Det var eg som vann. Så kledde eg på meg. Eg vaska meg, og etterpå gjekk eg ned for å eta. Vi sette oss ved det same bordet som dagen før, og eg åt to skiver. Etterpå såg eg og Torvald på utstillinga om varg. Så gjekk vi opp att på rommet. Der låg Arnstein og Kjartan. Dei las i blad. Torvald og eg la oss til å lesa vi også. Eg las i fantometboka. Så byrja eg å skriva her. Etterpå spurde Arnstein om eg ville vera med å spela leksikon. Det ville eg. Etterpå gjekk vi ned for å eta. Det var egg og cornflakes og brød. Då vi hadde ete, spela Torvald og eg bordtennis. Eg slo han 3-2 etter ein hard fight. Etterpå gjekk vi opp att på rommet. Der las vi i blad. Eg vart ferdig med fantometboka. Kjartan kom og fortalde at han og Frode skulle ned og bada. Eg og Arnstein vart med. Vi bada til klokka var ti på eitt. Då måtte vi opp att. Vi tørka oss, og kledde på oss. Då vi kom opp att, hengde vi badekleda og handkleda på snora. Klokka to var det middag. Fisk. Det vart heller lite eting på vår familie. Då meiner eg mest ungane, besten og besto er nokså glade i fisk. Etterpå fekk vi vita at turen oppover Pasvikdalen skulle byrja kvart over tre. Det var sett opp bussar, men vi valde å køyra i eigen bil. Då vi var komne eit stykke, stogga vi. Det var ved Pasvikdalen gravplass vi stogga. Vi såg på eit monument til minne om skoltesamane sin gravskikk. Etterpå gjekk vi opp på ein topp. Der var det eit grensetårn. Det var norsk. (Sjølvsagt) Vi såg langt inn i Sovjet. Vi såg byen Nickel, med over 20000 innbyggjarar. I det fjerne var det ein skogbrann. Reiseledaren sa det var ofte dei såg slikt frå Svanvik. Russarane var redde for å sløkkja. Dei var redde for at granater og bomber frå krigen skulle eksplodera. Sidan reiste vi vidare. Etter ei stund kom vi fram til staden vi skulle eta. Først var vi heilt ute i ingenmannsland mellom Norge og Russland. Så gjekk vi tilbake til Norge og inn på ein gard. Der var det to gamle folk som treftest, og dei prata saman. Vi gjekk tilbake til der bussen og bilane stod og inn i ein skog ved sida av. Der hadde nokre fyrt opp bål. Der var også mat. Lapskaus. Eg fekk meg ein porsjon. Arnstein, Ola og eg sette oss attmed kvarandre. Ola var så uheldig å ha mykje mose oppi tallerkenen min, så den porsjonen fekk ein hund som var ute og sprang. Då vi hadde ete, reiste vi. Då vi kom tilbake til skulen, oppdaga eg at eg hadde fått eit stort gnagsår. Men det var snart programkveld, så eg brydde meg ikkje om det. Då vi kom ned til hovedbygget, stod Frode og Christel der. Dei spurde om vi ikkje skulle gå inn og spela bordtennis. Det gjorde vi. Etter ei stund vart vi lei, så vi gjekk opp i peisestova. Der var det programkvelden skulle vera. Han skulle snart byrja, så vi sette oss ned. Men vi likte ikkje programmet noko særleg. Så vi gjekk ut igjen. Arnstein, Frode, Kjartan og eg gjekk der og prata. Etter ei stund var visst programmet slutt. Folka kom ned, og dei gjekk utanfor for å få frisk luft. Kjartan spurde besten om vi kunne få kvar sin brus, og det fekk vi. Vi drakk opp brusen, åt litt kake, og gjekk opp på internatet. Vi las litt i blad. Besten sa at Frode måtte gå, for Kjartan skulle leggja seg. Så då han var gått, la vi oss vi andre og. Eg skreiv litt i boka her før eg sovna.
Neste dag - 26. juli 1978

21.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 10

(her er ei halvgod forklaring på kva dette handlar om)
Mandag 24. juli 1978. Tana bru - Svanvik
I dag skal vi koma fram. Eg har sove dårleg. Eg var vaken ein time i natt. Då eg vakna, var eg veldig tyrst. Eg drakk eit glas vatn. Etterpå vart eg kvalm. Dei andre vakna og etter ei stund. Eg skreiv eit kort til Stor-Aslak. Torvald gjekk bort for å posta dei korta han, besten og besto hadde skrive i går. Besto sette på bordet. Eg ville ikkje ha mat, men dei andre åt. Så reiste vi. Først reiste vi til Tana sølv. Der skulle besto kjøpa smykke til gutane. Arnstein valde eit med eit runeteikns som forestilte oldermannen, Kjartan eit som forestilte ein same på jakt og eg eit som forestilte ein skiløpar. Torvald fekk eit med eit meget mystisk teikn. Så reiste vi. Forbi Skipagurra, og vidare mot Kirkenes. Før vi kom til Kirkenes, var vi innom Neiden og handla. Så, eit lite stykke etterpå var vi innom St. Georgs kapell. Det var lite, men det var mange gamle og fine bilete inne i kapellet. I kapellet var det gudsteneste ein gong i året. Gudstenesta vart halden utanfor kapellet. Sidan reiste vi vidare. Vi stogga og rasta ein stad etter Neiden. Etter ei stund kom vi fram til Kirkenes. Der var besten inn på postkontoret for å ta ut pengar på postsparebankboka. Vi fekk ti kroner av vekepengane. Vi skulle få resten av pengane i finske mark. Torvald, Arnstein og eg gjekk med ein gong ned i sentrum for å handla blad. Torvald kjøpte Supermann, Tumac og Langbein van Beethoven. Arnstein kjøpte Fem spennande westernfortellinger og eg kjøpte ei fantometbok. Besto hadde kjøpt epler og pærer som vi skulle få då vi byrja å reisa vidare. Besten kjøpte klistremerke frå Kirkenes, og så reiste vi. Vi fekk eplene og pærene. Så køyrde vi til Svanvik. Vi pakka inn frå tilhengaren. Så kom Frode og Christel bort til oss. Dei spurde om vi kom ut, og det gjorde eg og Arnstein. Vi spela boccia. Frode og eg var på lag, og Arnstein og Christel . Vi spela ei stund. Det var vi som vann. Då kom far og sa at vi måtte koma og dusje. Det var kveldsmat om ein halvtime. Vi dusja, og så gjekk vi ned for å eta kveldsmat. Etterpå gjekk vi ut og leika gøymsel. Etterpå ville Christel inn i badebassenget. Ein del av ungane vart med, deriblant Arnstein. Eg ville ikkje fordi eg var så kvalm. Eg gjekk heller opp på rommet og las i fantomet-boka. Etter ei stund kom Kjartan også. Han og Torvald byrja og krangla. Det skjedde mykje under krangelen. Dei kasta ting ut av vinduet. Då Kjartan kasta pengeboka til Torvald ut av glaset, måtte han ut og henta henne. Han fylte ho med sand, og det vart for mykje for Torvald. Han kasta pengeboka etter Kjartan, og sanden for utover golvet. Ei stund etter kom besten. Han vart litt sint då han såg det, og sa at dei to skulle tørka opp. Det var gratis brus i matsalen, sa han også. Så gjekk vi bort der. Der trefte vi Frode. Han kom med ei tomflaske. Han hadde drukke to, sa han. Eg, Arnstein og Frode tok dei tre siste flaskene. Så kom Kjartan, han ville ha brus, men det var ikkje meir att. Så han fekk Frode sin. Torvald kom, og sa frå til besten at det ikkje var meir brus igjen. Så besten anskaffa han ei cola. Etterpå gjekk vi bort på idrettsplassen. Der sparka vi fotball. Men etter ei stund datt målet saman, så vi gjekk heller bort til rommet vårt for å lesa blad. Men Frode fekk ikkje vera her fordi Kristine og Kjartan øyeblikk skulle leggja seg. Han lånte eit par blad, og gjekk tilbake på deira rom. Eg og Torvald var nede og henta eit par madrasser vi skulle ha på rommet. Besten synte oss hen det var, og så reiste vi opp med dei. Då vi kom opp, pussa vi tennene og la oss.
Neste dag - tirsdag 25. juli 1978

VINTERSESONGEN

den siste tida har eg brukt store delar av bloggetida til å fortelja om far min og ferieturen hans. det kan henda at eg på det viset har skapt inntrykk av at eg ikkje driv med noko i det heile. slik er det ikkje. eg er oppteken av at ungar ikkje skal sjå for mykje fjernsyn, og ser det som viktigare å vera aktiv sjølv. akebrett er ein god aktivitet.

DRØYMEFERIEN, DAG 9

(Kva er dette?)
Sundag 23. juli 1978. Karasjok - Tana bru
Eg har ikkje sove godt. Det har visst ikkje nokon av dei andre heller. Eg vakna fleire gonger i natt. Det var visst berre Kjartan som sov heile tida. Arnstein spydde tre gonger i natt. Eg var kvalm då eg vakna. Vi pakka saman soveposane og madrassane. Vi åt. Eg var ikkje huga på mat, men eg åt ei skjeve. Det var mykje mygg, så vi gjekk med kortbukser og lignande ting på hovudet for å ikkje bli plaga av mygg. Vi tok ned teltet, pakka inn i bilen og tilhengaren, og så reiste vi. Vi reiste først ned til Karasjok for å sjå oss omkring. Vi hadde god tid i dag, skulle berre køyre 180 kilometer. Først køyrde vi ned til ein bensinstasjon for å kjøpa klistremerke. Besten kjøpte også tøymerke til oss borna. Så reiste vi for å sjå på kyrkja. Vi såg oss litt omkring inne i ho. Dette var den nyaste av dei to kyrkjene i Karasjok. Denne var bygd i 1974. Eg tok eit bilete av kyrkja. Vi reiste bort til den andre kyrkja, som var bygd i 1807. Der skulle det vera gudsteneste seinare på dagen. Vi reiste tilbake til bensinstasjonen. Der kjøpte besten ein liter sitronbrus. Vi køyrde utanfor Karasjok for at besten skulle barbera seg. Vi delte sitronbrusen. Så køyrde vi inn til Karasjok att. Gudstenesta skulle snart byrja. Vi såg mange fine samebunader. Eg tok eit par bilete. Besto snakka med nokon av samane. Ho snakka mellom anna med ein gut som hadde eit belte makan til det konene har på konebunaden sin på Voss. Under sjølve gudstenesta var det tale på norsk. Det var barnedåp til slutt. Presten fortalde om kyrkjeprogrammet den næraste tida. Så var gudstenesta slutt. Besten filma litt utanfor også. Så reiste vi. Vi fylgde Karasjokka oppover. Elva skifte namn. Til slutt heiter ho Tana. Besto var inn ein eller annan plass for å ringja til campingplassen. Vi fekk ei hytte. Så køyrde vi vidare langs elva. Eg byrja å telje bilsortar. Like etter at eg hadde byrja å skriva, rasta vi. Så køyrde vi vidare. Det var lite bilar der, så eg vart ikkje ferdig. Men eg kan fortsetja i morgon. Då vi kom fram til den to-stjernede campingplassen, Tana bru, fekk vi hytte nr. 7. Det var fire senger der. Besto laga til kveldsmat. Det var pølse og potetstappe. Etterpå gjekk eg ut. Der var det ein gut som sparka fotball. Eg vart kjend med han. Det vart Torvald og Arnstein også. Først sentra vi berre. Sidan spelte vi to mot to. Frode og Arnstein mot Torvald og meg. Sidan kom systera til Frode, Christel, ut og ville vera med. Ho gjekk inn på vårt lag. Ei stund etter gjekk Torvald inn. Då byrja vi å spela mot eit mål. Christel stod i mål. Det var Frode mot Arnstein og meg. Vi brukte søppelsekkar til mål. Då kom det ein mann og sa at me fekk ikkje bruka sekkane til stenger. Så gjekk vi ein annan plass for å spenna. Der laga vi to mål. Eit av steiner og eit av søpledunkar. Det nokre svenskar. Guten i familien, Ola, vart med og sparka. Etter ei stund vart systera hans med også. Vi spela lenge. På slutten vart ein gut som heitte Klas med også. Då vi kom opp att til hytta, pussa vi tennene og la oss.
Neste dag - mandag 24. juli 1978

20.1.06

FREDAGSDIKTET 2

DRØYMEFERIEN, DAG 8

(viss du av ein eller annan grunn ikkje skjønar kva dette er, kan du leita her)
Laurdag 22. juli 1978. Karesuvanto - Karasjok
Eg vakna tidleg. Eg prøvde å få sova, men det gjekk ikkje. Kristine og Kjartan vakna, og Kjartan la seg opp i senga til Kristine, og der låg dei og bråka. Eg låg der i varmen, og venta på at dei andre skulle vakna. Arnstein låg og dytta på meg. Sjølv om han sov, klarde han å dytta meg nesten under senga. Så difor flytta eg meg over på andre sida av han. Etterkvart vakna dei andre og, og besto byrja å rulla saman soveposane. Dei fleste gjekk på do. Eg og Arnstein skulle opp og kjøpa melk, men dei selde berre i glas. Så difor gjekk me ned att. Besten, Torvald, Arnstein, Kristine og Kjartan reiste bort til ein annan butikk for å kjøpa melk. Eg sette meg til å skriva her. Besto sette på bordet. Eg og ho byrja eta. Sidan kom dei andre og, og dei åt dei og. Då vi hadde ete, reiste eg, Arnstein, Kjartan og Kristine ut i sandgropa bak hytta. Der laga vi ein hoppbakke. Der sende vi bocciakulene utfor. Etterpå reiste vi. Først drog vi bort til butikkane. Der kjøpte vi boblejakker til Arnstein og Kristine. Vi reiste vidare. Det vil sei - vi snudde og reiste vidare forbi campingplassen. Då vi kom eit stykke lenger, stogga vi og fylte bensin. Endå eit stykke lenger kjøpte vi mat og is. Mikke-is. Ein is som likna på Mikke. Så køyrde vi vidare oppå fjellet. Vi køyrde over grensa til Noreg. Vi var glade over å vera i Noreg igjen. Vi køyrde innover mot Kautokeino. Då vi kom dit var klokka kvart over eitt. Besten ville ta ut pengar i postsparebanken, men den stengde klokka eitt. Sidan køyrde vi vidare for å finna vatn. Då vi kom til ein bensinstasjon, køyrde vi inn der. Der fekk vi vatn. Samstundes kjøpte vi klistremerke frå Kautokeino. Så snudde vi og køyrde tilbake. Vi hadde sett ein fin liten innsjø like før Kautokeino, og dit reiste vi no. Vi skulle eta der, og då kunne vi bada også. Det var mykje mygg på sandstranda der, men det var ikkje mykje mygg i og nede ved det kalde vatnet. Eg sette meg bak til Torvald. Men då vi ungane forbereda oss på å køyra til Karasjok, svinga besten og besto inn på ein annan veg. Dei hadde bestemt seg for å sjå på nokre sylvsmedvarer. Dei kjøpte ei brosje til besto, og eit smykke til Kristine. Då vi reiste vidare, var det svært varmt i bilen. Vi stogga nede i sentrum. Der kjøpte besten Dagbladet og Torvald Agent X9. Eg las i Legenden om Morgan Kane. Då vi kom opp på vidda, las eg framleis. Eg byrja å skriva i boka her, og det gjer eg enno. Då vi kom fram til Karasjok, var det ikkje plass på nokon campingplass. Difor køyrde vi ut av Karasjok for å leita etter ein plass vi kunne setja opp teltet. Etter ei stund fann vi ein plass, og vi sette opp teltet der. Besto laga speilegg og flesk, og det smakte godt. Sidan la vi soveposane og madrassane inn i teltet. Besten var nede i Karasjok og kjøpte ein myggspiral. Arnstein, besto og eg gjekk bort i bekken for å pussa tennene. Så la vi oss. Alle fekk plass i teltet.
Neste dag - sundag 23. juni 1978

19.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 7

(kva er dette? svaret finn du her)
Fredag 21. juli 1978. Bardu - Karesuanto
Eg vakna i åttetida. Eg la meg til å lesa ferdig Colt, som Torvald kjøpte i går. Etterpå skreiv eg i denne boka for i går og i dag. Etterpå skal eg gjera klar til noko i den andre boka, nemlig å telja bilsortar. Denne gongen vann Volvo for tredje gong. I går vann Ford ei gong, og samanlagt leder Volvo med 198, med Ford på andre med 181 og Opel er på tredje med 119. Sidan skreiv eg litt i denne boka. Vi stogga i Storsteinnes. Der kjøpte besten og besto mat. Like etterpå stogga vi. Vi åt og bada. Det var kaldt, men kjekt. Sidan køyrde vi vidare. Etter ei stund kom vi inn i Skibotn. Der kjøpte Torvald Legenden om Morgan Kane og eg Fantomet. Så las vi i dei. Så skulle vi inn i Finland. Me stogga og fotograferte på grensa. Så kom vi inn til tollen i Kilpisjärvi. Det vart vel eit halvt minutts opphald på tollen. Så køyrde vi vidare. Det var einsformig på fjellet. Lange beine vegstrekningar. Men me kom oss då fram til campingplassen i Karesuvanto. Der gjekk besten inn. Han tenkte han måtte snakka svensk, men ho som stod i resepsjonen forstod norsk. Vi fekk hytte nr. 5 på Karesuvanto Camping. Me ungane var fyrstemann ned til hytta, men det var vondt å få opp låsen. Alle prøvde, men det gjekk ikkje. Besto kom, men det gjekk ikkje då heller. Men då besten kom, gjekk det etter nokre forsøk. Då vi kom inn, sette vi på bordet med ein gong. Besto reiste opp for å steikja fisk på kjøkkenet. Då vi hadde ete, spela vi ungane boccia. Det kom ei skjor og ville vera med, men ho fekk ikkje vera med. Besten tok eit bilete av skjora, og så gjekk vi inn att. Kristine og Kjartan gjekk opp for å pussa tennene, og etterpå la dei seg. Arnstein og Torvald tok seg ein tur til Sverige, mens besten og eg skreiv i feriebøkene våre. Etterpå gjekk eg, besten og besto ein tur, vi også. Kristine og Kjartan sov, så vi kunne ikkje gå til Sverige vi, slik som Arnstein og Torvald. Vi gjekk bort dit vi hadde sett samane selgja sameklede, reinsdurskinn og reinsdyrhorn. Men dei var stengde, så vi gjekk vidare til ein annan butikk. Den var open, og der selde dei souvenirar og klede. Besten møtte ei som hadde gått på folkehøgskulen, og det vart ein heil liten prat av det. Det var mangt eg ville kjøpa, men pengane strakk ikkje til. Så sa besten at me skulle gå ut att. Dei ville gå ein tur, mens eg gjekk bort att til hytta. Det gjorde eg, og no sit eg her og skriv. Etterpå kom Torvald og Arnstein. Arnstein hadde kjøpt klistremerke frå Karesuvanto. Det limte vi på bilen. Besto og besten kom også. Vi gjekk opp på do for å pussa tennene. Då vi kom ned att, la vi oss.
Neste dag - laurdag 22. juli 1978

18.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 6

(forklaringa på kva dette er finn du her)
Torsdag 20. juli 1978. Fauske - Bardu
Eg vakna tidleg. Besten og besto var alt vakne då eg vakna. Dei studerte reiseruta. Eg la meg til å lesa i Morgan Kane boka Torvald kjøpte i går. Då eg var ferdig med den, byrja eg å lesa Thomas Alva Edison. Den vart eg ikkje ferdig med. Då vi skulle eta, var det fyrst besten, besto, Arnstein og Kristine som åt. Etterpå åt eg og Torvald. Kjartan sov så lenge at han fekk bordet for seg sjølv. Vi reiste ei stund etter. men så å seia allerede før vi hadde begynt oppdaga far at ein bensinslange lak, og det vart ei ventning på ca. tre kvarter. Besten var ned i Fauske for å henta ny slange. Men me reiste då etter ei stund og då sat berre Torvald bak. Eg sette meg bak. Eg telde bilsortar. Vi skulle ta ferje frå Sommerset til Bonnåsjøen. Etterpå skulle vi over fjellet. Og då vi kom over fjellet, fylte vi bensin i Innhavet. Der handla også besto brød og andre ting, så no byrja vi sjå etter ledige rasteplassar. Vi fann då ein og der åt vi. Det var godt med mat. Då vi reiste igjen, sat Torvald og Arnstein bak. Vi skulle ta ei ferje til. Det var frå Bognes til Skarberget. Derifrå køyrde vi vidare. Forbi Sætran, over dei tre Efjordbruene. Tre store bruer. Sidan køyrde vi mot Narvik. Der var vi tenkt å sjå krigsmuseet, men det var vel stengt, klokka var kvart på sju. Vi køyrde forbi Nygård, Geisvik og Bjerkvik. Derfrå gjekk det over fjellet til Grastangen. Så over ein ny topp. Då vi kom til Fossbakken, køyrde vi i ein dal mellom Dryfjellet og Lifjellet. Frå Brandvoll tok vi vegen til Setermoen. Der skulle campingplassen vera. Det var ikkje sikkert me fekk plass sidan me kom så seint, men me fekk hytte nr. 3. Alle hyttene her hadde namn, og vår heitte Rokanborre. Vi fekk hytte nr. 3 på campingplassen, som var trestjerners. Kristine og Kjartan sprang med ein gong bort til leikeplassen, og etter ei stund følgde Arnstein og eg etter. Vi var der ei stund, så gjekk vi tilbake for å eta kveldsmat. I dag var det tomatsuppe som sto på menyen, eg åt ein tallerk med tomatsuppe og tre-fire skiver etterpå. Så spela eg og Torvald badminton, og sette ny ferierekord med 28. Ny ferierekord vart det også tilsaman på dei tre beste, 28, 20, 19 gav samla poengsum 68. Så ville ikkje Torvald meir, så vi spela boccia på verandaen. Det var sjovigt. Hvis kula vi kasta trilla utfor, var ho ute av spelet. Det var små opningar mellom plankane, så det var lett å få vekk andre sine kuler. Sidan skreiv vi postkort. Arnstein skreiv til Håvard, besten skreiv til Åsvald og Ingjerd, og Torvald og eg skreiv til Kjetil og Anders. Etterpå pussa vi tennene, gjekk på do og la oss.
Neste dag - fredag 21. juli 1978

17.1.06

TERMOS

av og til når me skal ut og gå, tek eg plass i ein baby-bjørn me har lånt hjå otro. det er oftast far min som ber meg, og eg er festa på magen hans. akkurat no har eg perfekt kroppshøgd - viss eg spratlar skikkeleg medan me går, treff eg han midt i termosen.

DRØYMEFERIEN, DAG 5

(her finn du ut kva dette er for noko)
Onsdag 19. juli 1978. Mellingsmo-Fauske
Denne dagen hadde eg sett fram til lenge. Det var geburtsdagen min. Eg og Kjartan vakna fyrst. Han gratulerte meg med dagen. Så leikte me med lego. Etterkvart så vakna dei andre og, og dei gratulerte meg med dagen, alle utanom Torvald. Men han kjem vel til å gjera det han og. Ja, det gjorde han medan me åt. Då vi hadde ete, vaska besto golvet, og så reiste vi. Eg skreiv bilsortar. Også denne gongen vann Volvo. På andre kom Ford med 30 og på tredje kom VW og Opel med 24. Då vi kom til Trofors kjøpte vi eple og bananer. Kristine ville ha banan, resten ville ha eple. Vi skulle ikkje stogga og eta før i Mosjøen, så det var godt med litt mat. Då vi kom til Mosjøen, kjøpte alle noko. Besten var på apoteket, besto kjøpte mat, Torvald kjøpte Morgan Kane og Lynvingen, eg, Arnstein og Kjartan kjøpte lego, og Kristine kjøpte dokkesaker. Eg fekk to presangar, eit bocciaspel og ein dongeridress. Ei stund etterpå åt vi. Vi prøvde bocciaspelet. Arnstein og eg var på lag. Me vann begge gongene. Sidan køyrde vi vidare. Vi såg utover eit fantastisk fjellområde, Okstindane, med Nord-Norges nest høgaste fjell. Sidan køyrde vi vidare. Eg og Arnstein leikte med lego. Besto ringde til campingplassen og sa at vi kom litt seinare. Vi passerte polarsirkelen, men det var ikkje stor forskjell på nord og sør for polarsirkelen. Vi kom til Fauske, og der skulle campingplassen vera. Men besten køyrde i gal retning, trass i at eg og Arnstein såg skilt om at det var ein annan veg. Den vegen var rett, så vi snudde og køyrde den andre vegen. Det var Lundhøgda Camping, tre-stjerners. Vi fekk hytte nr. 16. Først åt vi ertesuppe. Etterpå spela vi ungane boccia. Så reiste vi inn for å eta kake og å drikka brus. Så fekk vi nokre bøker hjå besten. Eg fekk Thomas Alva Edison og Hei, Norge. Etterpå pussa eg tennene og la meg.
Neste dag - torsdag 20. juli 1978

16.1.06

SKEISING

hipp hipp hurra for håvard bøkko.

DRØYMEFERIEN, DAG 4

(her er det ei god forklaring på kva dette er )
Tirsdag 18. juli 1978. Melhus-Mellingsmo
Eg vakna sist. Eg har sove godt. Torvald og Arnstein var vakne då eg vakna. Torvald må ha vakna fyrst, for han hadde alt dusja saman med besten. Eg og Arnstein reiste ned i kjellaren for å dusja. Etterpå gjekk vi bort til Margit og Olve for å eta. Margit spurde om vi ville eta no eller venta til resten av familien kom. Vi valde å venta. Etter ei stund kom eg på eg hadde gløymt klokka mi i dusjrommet. Eg gjekk bort og henta ho. Då eg kom tilbake, skulle me eta. Då me hadde ete, la eg meg på sofaen og las i Morgan Kane: Høyt spill i New Orleans. Diverre vart eg ikkje ferdig med ho. Bodvar gav meg ei liter brus. Flaska var under halvfull med brus, men champagnebrusen var god for det. Så skulle vi ta bilete, og etterpå reiste vi. Like etter at vi hadde reist, sto speedometeret på seks eit-tal. Vi køyrde gjennom Trondheim, og byrja å spela trafikk-bingo. Torvald vann, og kom og på andre. Arnstein kom på tredje, og eg på fjerde. Då vi kom til Fleskhus, åt vi. Der steppa eg bak til Torvald. Vi gleda oss til vi kom til Steinkjer, for der skulle vi stoppa og "sjoppa". Men besten fann ikkje nokon plass å stogga. Så vi køyrde vidare. Arnstein hadde gleda seg aller mest til å komma til Steinkjer, så det vart ein stor skuffelse for han. Han surna av, og spurde til stadigheit kor langt det var igjen til Grong. Det var langt, men me kom oss då fram. Der var det ikkje leikebutikk, men på Grong samvirkelag hadde dei leiker. Arnstein kjøpte politibil i lego, og Kjartan røde kors-utstyr. Kristine kjøpte ei dokke. Torvald kjøpte Atlanticserien, og besto kjøpte choco-karamellar. Men eg og besten kjøpte ingenting. Så køyrde vi vidare. Torvald las fyrst Atlanticserien, så las eg det. Besto sa at det var ein halv time igjen. Ein halv time? spurde eg. Ja, sa besto. Nei, det er ein time allikevel, sa besten. Då timen var gått, var vi framme. Det var Mellingsmo camping, to stjerners. Vi fekk hytte nr. 6. Besten skulle parkera, men det var ikkje plass til tilhengjaren. Så vi kobla han laus, og sette han utanfor hytta. Då vi kom inn, laga besto kvelds. Tomatsuppe til dei som ville ha det, frikadeller til dei som ville ha det, og skiver til dei som ville ha det. Så vaska eg opp, medan mor tørka. Så gjekk vi ut for å spela krokett. Torvald vann, eg kom på andre, Arnstein kom på tredje, og besten og Kristine braut. Så gjekk vi inn att og der fekk vi vita kvar vi skulle liggja. Eg, Arnstein og Kjartan skulle liggja på golvet, og dei andre i senger. Men Arnstein fekk vondt i magen og la seg i ei seng, så besto måtte liggja på golvet. Eg og Kjartan bygde med Lego. Så skulle vi pussa tennene, og etterpå la vi oss til å sova.
Neste dag - onsdag 19.juli 1978

15.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 3

(dersom du ikkje veit kva dette handlar om, vert du klokare her)
Mandag 17. juli 1978. Melhus
Eg har sove godt. Eg, Torvald og Arnstein ligg på same rom. Arnstein og eg ligg i senger, mens Torvald ligg på golvet. Det er overskya ute, men eg trur ikkje det regnar. I går kveld kom Torvald med nokre blad, 3 Mad, 4 Buster og eit Texas. Dei ligg Arnstein og Torvald og les i no. Så stod vi opp. Me reiste bort til Olve og Margit for å eta frukost. Etterpå gjekk eg og Arnstein bort for å spela tennis. Vi spela ei stund. Så gjekk vi bort att til Margit og Olve. Vi høyrde plater på rommet til Halldis. Etter ei stund gjekk eg ned. Eg hadde ingenting å gjera på, så eg gjekk bort og slo tennis for meg sjølv. Om ei stund åt vi middag. Vi ungane sat ved eit bord på kjøkkenet. Dei vaksne sat i stova. Det var poteter og pølser. Til dessert var det jorbær og is eller jordbær og fløte. Ei stund etterpå skulle vi drikka kaffi hjå bestemor og bestefar til Bodvar, Torstein, Eiliv og Halldis. Det var pådekt to bord. Ved det eine sat besten, besto, Olve, Margit, mor til Olve og far til Olve. Ved det andre sat Kjartan, Kristine, Arnstein, Torvald, Torstein og eg. Under måltidet var Arnstein så uheldig å sleppa ned ei kake. Men Torstein F. tørka det opp att. Etterpå var eg og Arnstein og Kristine nede i kjellaren på internatet og høyrde på Torstein. Han spelar ein eller annan sort gitar i Harvest. Det er ei gruppe på fire. Eiliv er og med i ei gruppe, Garasch. Der er det og fire med. Eiliv spelar bassgitar. Om kvelden såg vi ein western, Mannjamning. Etter filmen såg vi ljosbilete. Så åt vi og gjekk og la oss.
Neste dag - tirsdag 18. juli 1978

14.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 2

(her kan du sjå kva dette handlar om)
Sundag 16. juli 1978. Lom-Melhus
Eg har ikkje sove godt. Eg vakna to gonger i natt. Eg gjekk inn til Torvald og besten som begge var vakne. Eg løyste ferdig kryssordet. Så kledde eg på meg, og Arnstein var på do og henta varmt vatn. Eg og Torvald spelte badminton, og sette ny ferierekord, 19. Etterpå åt vi. Så pakka vi inn i tilhengaren. Mor vaska golvet. Så køyrde vi. Nede i resepsjonen leverte me inn nøkkelen. Eg og Arnstein sat bak. Me byrja spela trafikkbingo. Arnstein og eg var på lag. Me vann, og Torvald kom på andre. Vidare resultatliste ukjent. Etter ei stund kom vi til Otta. Vi køyrde rett gjennom. Vi køyrde stundom inn til kanten for å sleppa bilar forbi. Då vi kom forbi Vågå, byrja eg og Arnstein å telja bilsortar. Eg bestemte meg for å gjera til ein bilsort fekk femti. Volvo vann, Ford kom på andre med 49, og Opel kom på tredje med 42. Det var rett før Dombås det spanande kapplaupet vart avslutta. Ei stund etter Dombås stogga vi og åt. Eg, Arnstein og Kristine tok nokre små joggeturar. Då vi hadde ete, køyrde vi vidare. Ei stund etter slapp vi forbi oss 14 bilar. Det byrja faktisk å snøa, og det la seg eit kvitt lag i vegkantane. Vi byrja å spela trafikkbingo, også denne gongen var Arnstein og eg på lag, men diverre fekk Torvald revansje. Men berre eit sekund etterpå fekk vi bingo. Då vi kom til Oppdal kjøpte far bensin og is. Asterixis - is med figurar frå Asterixhistoriane på pinnane. Det var Torvald, Arnstein, Kristine og eg som ville ha slik is. Kjartan ville ha gul saftis. Asterixfigurane var på Torvald sin: Trubadurix. Kristine sin: Asterix. Arnstein sin: Obelix. Min: Miraculix. Så køyrde vi frå Oppdal. Neste stopp: Melhus.

Då me kom til Kvål, ikkje meir enn eit lite stykkje til Melhus, måtte me stogga allikevel. Høgre dekket på tilhengaren punkterte, og far, Arnstein og eg gjekk bort til to bensinstasjonar. Den første var stengd, men den andre var open. Me reparerte hjulet sjølv, og så gjekk me tilbake til bilen for å setja det på. På tilbakevegen såg vi ein "tøffing" som kom ut frå den stengde bensinstasjonen. Han køyrde rett ut i vegen, slang og for rett ut i ein åker. Men heldigvis gjekk det bra. Etterpå reiste vi vidare. No er me øyeblikk framme. Då me kom fram, venta me litt før me fekk kjøtkaker. Nam-nam! Etterpå reiste Torstein, Torvald, Arnstein og eg opp på rommet til Halldis for å høyra plater. Me las i Asterix medan me høyrde på Thin Lizzy, Eagles og Kiss. Ei stund etter spela vi tennis mot ein vegg. Ballen for ofte over taket, og det vart mange springeturar på Arnstein og meg. Ein av dei to ballane vart vekke, men Eiliv sa at han kom nok til å finna han i morgon, når han jobba der. Så gjekk vi inn att for å spela kort. Vi spela gris og 62. Medan vi dreiv på å spela, kom vi på at Sportsrevyen byrja. Så vi skrudde på fjernsynet og såg Sportsrevyen. Tante Margit kom med saft, og onkel Olve med kake, og så åt vi litt, og så gjekk vi og la oss.
Neste dag - mandag 17. juli

13.1.06

FREDAGSDIKTET


Fredagsdiktet 2 - Fläcket
Fredagsdiktet 3 - Drömet
Fredagsdiktet 4 - Chokladet
Fredagsdiktet 5 - Dunket

DRØYMEFERIEN, DAG 1

(her finn du ei forklaring på kva dette er for noko.)
Laurdag 15. juli 1978. Voss-Lom
Me reiste heimanfrå klokka elleve i dag. Me reiste fyrst til folkehøgskulen for å levera Tiger til Rut. I mellomtida var Kristine og besto på Vangen og kjøpte diverse ting. Etterpå reiste vi. Allerede før me kom til Tvinde, fann me ut at me hadde gløymt putene og tannkostane. Men me reiste inn på Vossestrand handelslag og kjøpte tannkostar. Torvald foreslo at me kunne kjøpa youghurt og sidan bruka glasa til tannglas. Forslaget blei godtatt. Så køyrde vi gjennom Myrkdalen, forbi Helgatun og opp på Vikafjellet. På nedturen på andre sida byrja me å spela trafikkbingo. Det spela me heilt til me kom til Vangses. Då var det to ferjer der, men me fekk ikkje plass på nokon av dei. Det kom ei ferje til, men me fekk ikkje plass på den heller. Men på den neste ferja fekk me plass. Overgangen gjekk fint, og me køyrde vidare frå Hella. Torvald vann trafikkbingo, Arnstein kom på andre, Kristine på tredje, Kjartan på fjerde og eg - eg kom på femte. Vi køyrde vidare. Forbi Hafslo, Luster og inn i Skjolder. Der slutta Sognefjorden og me for vidare til Fortun. Derfrå kom vi opp i Jotunheimen. Etterkvart såg vi skilt: 1000 m.o.h. - 1100 m.o.h. - 1200 m.o.h. - 1300 m.o.h. - 1400 m.o.h. Høgaste punktet på vegen var "Fantasteinen" 1434 m.o.h. Derifrå gjekk det nedover mot Lom. Då vi kom fram til Lom, tok vi inn på den 1-stjernede campingplassen Bergheim camping. Vi fekk hytte nr. 16. Til kvelds åt vi Brunlapskaus. Etterpå såg vi Columbo. Det vil sei - Torvald såg Columbo. Eg og Arnstein gjekk opp her i hytta. Så løyste vi kryssord. Etterpå gjekk vi og la oss.
Neste dag - sundag 16. juli 1978

PONDUS

det er ålment kjent at frode øverli likar å herja med dialektbrukarar og homofile, men når han no tek til å kødda med meg, har han gått for langt.

12.1.06

REISING

midt i mars startar permisjonen til far min. det heile brakar laus med nokre veker på farten - det siste eg har høyrt er at me fyrst tek ei veke i frankrike, deretter ei veke i belgia og nederland, før me rundar av med ei veke på den polske østersjø-kysten.

mor mi er ein rutinert reisar. ho har sett seg om både her og der, men far min har stort sett halde seg i ro. i alle fall prøver han å skapa inntrykk av det, men her om dagen fann eg ei bok som kan tyda på det stikk motsette. det er ei skrivebok frå 1970-åra, der han nøye har notert alt som har skjedd under tre ferieturar. refereringa frå dei to fyrste turane haltar litt, og vert ikkje fullført, men der er likevel detaljar som er verd å få med seg. 20.7.1975 reiser heile hushaldet til koparvik for å kursa seg, og den dagen noterer far min mellom anna: "Me såg heile tida om det var langt igjen til haugesund på vegskilta. Ein plass var det 116 kilometer igjen." på den neste turen, på veg til jørpeland sommaren 1976, viser besto at ho veit korleis ho skal få trøytte ungar glade: "K og K vart litt trøytte, men mor fekk dei glade igjen ved å sjå på kyrne som sov".

den viktigaste turen i skriveboka er ein tre veker lang tur til svanvik i 1978. her er notata så gode at eg ikkje ser anna råd å leggja ut heile boka - ein dag i slengen dei neste 21 dagane. sentrale neper i lokalmiljøet meiner at det er livsfarleg å stå fram med namn på nettet, så eg anonymiserer difor dei som er med. far og mor vert besten og besto, onkel T vert torvald, onkel A vert arnstein, tante K vert kristine, og onkel K vert kjartan. far min er eg-personen. dersom eg lever og har helsa legg eg ut den fyrste reisedagen i morgon.

Laurdag 15. juli 1978
Sundag 16. juli 1978
Mandag 17. juli 1978
Tirsdag 18. juli 1978
Onsdag 19. juli 1978
Torsdag 20. juli 1978
Fredag 21. juli 1978
Laurdag 22. juli 1978
Sundag 23. juli 1978
Mandag 24. juli 1978
Tirsdag 25. juli 1978
Onsdag 26. juli 1978
Torsdag 27. juli 1978
Fredag 28. juli 1978
Laurdag 29. juli 1978
Sundag 30. juli 1978
Mandag 31. juli 1978
Tirsdag 1. august 1978
Onsdag 2. august 1978
Torsdag 3. august 1978
Fredag 4. august 1978
Laurdag 5. august 1978
Sundag 6. august 1978

DJUPEDAL

no ringde besten og sa at eg og kunnskapsminister øystein djupedal er ni-menningar. brikkene fell på plass.

4.1.06

DELFIA

i dag, medan mor mi gjekk ut for å henta regionavisa, stakk eg ut på kjøkenet og stappa i meg siste restane av delfiakaka mor mi baka i helga. det vart litt i meste laget.

1.1.06

MUSIKK

på vegen heim frå ekstremsportveko spurde mor mi far min om ikkje dei skulle starta band. ho meinte at ho kunne gjera seg godt som slagverkar. trommesettet skulle vera relativt lite - ei sånn stor tromme, to skarptrommer, ein hi-hat og to bongas. far min lurte på kva bandet skulle heita, og mor mi meinte at go-betweens kunne passa bra.

tilfellet ville det slik at akkurat då høyrde far min på ein cd med den australske gruppa go-betweens, så mor mi endra namneframlegget til noko anna, som eg har gløymt. men eg skal helsa frå far min og seia at "finding you" med go-betweens er den suverent flottaste songen frå året som gjekk.

ÅRSOPPSUMMERING

året er visst over. i går kveld trilla foreldra mine meg ut for at eg skulle få med meg fyrverkeriet, men sidan eg har så faste kveldsrutinar sovna eg omtrent klokka åtte, og gjekk glipp av heile greia. foreldra mine meinte dette var litt urovekkande, og trilla meg difor så langt oppover bakkane dei kunne koma, slik at eg skulle koma nærare alle eksplosjonane, men eg sov like godt. det var kanskje like greitt, for då slepp eg å kommentera kor komplett idiotisk skikken med fyrverkeri er.

dersom eg skal oppsummera året som gjekk, er det sjølvsagt lettast for meg å dekkja perioden frå 28. mai. ut frå notatane mine har dette skjedd:

bleieskift. totalt 793. mor mi har 785, besto har 5, far min 2. den siste måtte eg ta meg av sjølv, og det gjekk berre sånn middels.

mat og drikke. eg har drukke morsmjølk rundt 3000 gonger, og gulpa opp litt kvar gong. eg har drukke morsmjølkserstatning éi gong, og gulpa opp att alt saman. eg har ete graut rundt 20 gonger. eg har prøvd å svelja ein stor appelsinbit éin gong. og besten prøvde ein gong å stappa i meg ei drue, men vart stoppa av besto.

reising. eg har vore fleire gonger opp og ned langs vestlandskysten, og floge med fly fire gonger. den siste gongen vart me så forseinka at me nesten kom for seint.

snakking. lite snakking, men den siste veka har eg oppdaga kor fint det er med skikkeleg hyling.

NYTTÅRSFORSETT

å kasta opp på den neste som seier "nei, er det lanogutten?" rett etter at eg har bada.

EKSTREMSPORTVEKO

desse luringane som er med på ekstremsportveko på voss, og kastar seg utfor fjell og padlar ned elver og syklar ned bratte bakkar og går på konsert og drikk seg fulle om kvelden er eigentleg berre puslingar. jolefeiring på nordmøre er ein ekstremsport for dei av oss som verkeleg er tøffe i trynet. far min og onkel A feiga ut, og gjekk lange skiturar fire av dei sju dagane me var der, men eg gav meg ikkje, og heldt ut heile veka. dei viktigaste ingrediensane i ekstremsportveko er desse:

varme. skal ein fyrst fyra i omnen, kan ein like godt stå på til innetemperaturen bikkar tretti grader. far min tok ingen sjansar, og henta kortbuksene før me opna jolegåvene, slik biletet over viser.

mat. skal ein fyrst eta i jola, kan ein like godt gjera det heile tida.

småkaker. skal ein fyrst eta småkaker i jola, kan ein like godt gjera det innimellom all etinga.

hund. skal ein fyrst ha hund i jola, kan ein like godt ha ein hund som er klin kokos.

traktor. skal ein fyrst verta dytta rundt av besten i ein god, gamal barnestol/barnebil, kan han like godt kvar einaste gong seia "vil du køyra grøn valtra, med firhjulstrekk og kjetting på bakhjula?"

vekeblad. skal ein fyrst vera oppteken av dei kongelege, kan ein like godt vera det i tretti graders varme, medan ein badar i småkaker.

eller som besto så treffande sa det ein dag: dette er reine tyrefektinga, det.