31.5.06

LITTERATUR

eg har arva mor mi si interesse for litteratur, og har brukt meir tid i bokhylla enn alle andre på babysymjinga til saman (inkludert dei vaksne). ein forfattar og ei bok peikar seg ut som dei mest interessante:

favorittforfattar: stephen walton. eg har ikkje tal på alle gongene eg har rive doktoravhandlinga hans, farewell the spirit craven, ut av bokhylla. derimot har eg tal på kor mange gonger eg har rive sund omslaget på biografien ivar aasens kropp (2).

favorittbok: komiske ku. denne var i utgangspunktet relativt keisam, men etter at eg nappa ut alle sidene i midten, og berre sit att med omslaget, er forteljinga mykje betre:

side 1: hei, eg heiter komiske ku.
side 2: og me kom heim til garden rett før kveldsmaten.

30.5.06

KMI

ved inngangen til eit nytt år kan det vera greitt å ta utgangspunkt i kroppslege tilhøve. alle tidsepokar har hatt eigne metodar for å måla kor tjukke folk er, og den mest populære no for tida er kmi - kroppsmasseindeks. viktigaste grunnen til at denne er mykje brukt er truleg at ein må rekna litt for å finna svaret, slik at det heile verkar ekstremt vitskapleg. det vil føra for langt å forklara denne utrekninga i detalj her, men til alt hell finst det ein kmi-utreknar på internett.

kroppsmåla mine er litt usikre. eg var på eu-kontroll for nokre veker sidan, og vekta vart då estimert til 10 kilo. mekanikaren gløymde diverre å notera kor høg er var, og eg må difor ta utgangspunkt i ei tidlegare utrekning, som stemmer sånn nokolunde. eg slår inn desse tala i kmi-utreknaren, og får til svar at kmi-en min er 2,5. eg er i alle fall ikkje overvektig.

29.5.06

JUBILEUM

denne veka er det eitt år sidan eg vart fødd. sjølv hugsar eg dagen som ei ut av kroppen-oppleving, og ser ingen større grunn til markering, men sidan omtrent helvta av foreldra mine er opplært til at gebursdagar er det nest viktigaste av alt, er det ingen veg utanom: denne veka skal det feirast.

hovudfesten vert fredag. alle som vil er velkomne til gamlevegen frå klokka åtte og utover. det vert kaker, talar, dans på bordet, og me har i tillegg invitert to profesjonelle klovnar til å underhalda. dette vert bra!

resten av jubileumsmarkeringa vert meir impulsiv og sporadisk (siste versjon av produksjonsplanen er ikkje heilt ferdig). ein viktig del vert oppsummering av tida så langt, her på bloggen. kakebakinga er i full gang.

26.5.06

BRUASET 7

der ingen skulle tru at tørsten kunne bu, del VII:
sinsenkrysset

SPRETT

i går var me som alle andre travelt opptekne med å feira himmelfartsdagen. det var fyrste himmelfartsdagen min, så eg var litt usikker på korleis dagen vart markert. eg søkte på nettet, men fann berre tips om korleis ein kan koma i form til ol, korleis ein kan fanga største fisken i altaelva, og korleis ein kan få plass på folkehøgskulen på lofthus. dagen vart difor markert som ein vanleg dag, og eg brukte ein del tid på å prøva å finna ut kvifor nokon kallar dagen himmelspretten.

går det an å setja likskapsteikn mellom fartsdag og sprett? farsdag og sprett er sjølvsagt mykje det same, men fartsdag og sprett? var det noko eller nokon som spratt til himmels? for meg verkar dette berre som endå eit døme på at språket forfell, noko som elles kjem tydelegast fram i alle avstyttingane som endar på -is. kalkis for kalkulator? karbis for karbonade? veggis for vegetarianar? jobris for jordbruksskuleelev? det einaste ein oppnår når ein bruker desse orda, er å få minuspoeng frå språklege surdeigar som meg sjølv.

i barndomsheimen til far min var dagen omtala som kristi himmelfartsdag, men det var visst noko tante K hadde pressa gjennom.

24.5.06

STOREBROR

det er brei semje heime hjå oss om at a) bergens tidende er ei kvalitetsavis, og b) fjernsynsprogrammet big brother er eit kvalitetsprogram. me undrar oss difor litt over denne knappe meldinga i bergens tidende.

JON

apropos prikkebloggen, forresten: i går fekk prikkebloggarane ein liten gut, som skal heita jon.

til lukke, og lukke til.

23.5.06

PRIKKAR

me har tidlegare peika på at rosa-bloggen vart lit i rosa-aste laget. det er bra at dei har teke kritikken på alvor, og at dei no satsar på prikkar i staden.

RIISE

[dette er eigentleg eit svar til ein kommentar til ei anna melding, men svaret vart så langt at det fortener eiga overskrift.]

tre ting om familien riise:
bowling. ein gong mor mi var innom på bowlingbanen i spjelkavika, dukka det opp ein a-kjendis på nabobanen. sjølvaste john arne riise spelte saman med tre tolv år gamle gutar. medan mor mi har ein følsom og delikat bowlingstil, som fokuserer på høgst mogleg skår, gjekk riise for ein brutal og militant stil, der det viktige var å kasta kula hardast råd. dei tre tolvåringane var synleg imponerte.
jantelov. den kjende fotballagenten mor til john arne riise skal no flytta frå ålesund, sidan "janteloven står forferdelig sterkt i denne byen". er det andre enn meg som trur at ho ikkje anar noko om kva jantelova er for noko? og det er vel ikkje spesielt originalt å bruka jantelova som forklaring på at absolutt ingen har noko positivt å seia om ein?
sjokolade. heile familien burde heller støtta opp om sjokoladefabrikken til bestefaren: riisen - kan jeg ta en til?

20.5.06

BRUASET 6

der ingen skulle tru at nokon kunne bu, del VI:
månen

ÅLESUND

siste stopp på misjonsferda var ålesund tysdag, torsdag og fredag. (mor mi og han rapparen hadde rett nok ein kort stopp i rovde eller syvde på måndag, men det gjekk eg diverre glipp av, sidan eg var til eu-kontroll.)

kvar dag, medan mor mi og han rapparen misjonerte, var far min og eg på moa. der kjøpte me is og såg på det interessante klientellet.

hadde me kome nokre dagar seinare hadde me truleg sett akkurat det same. i alle fall dersom det ikkje var ein onsdag - då er det nemleg møte i ålseund krigsinvalideforening.

17.5.06

NASJONALT

17. mai. flagg. kongar. blomar ved bautasteinar til minne om krigarar. nasjonalsongar. russ. bunader. varme pylser. ungar som spør etter russekort. militærmarsjar spelte av marsjerande, uniformerte småungar med tuba. talar. prosesjonar. dravle og rjomegraut.

det seier seg sjølv at denne dagen hadde eg mest lyst til å deiga meg heime med far min, men mor mi fekk overtaket, slik at eg vart trilla rundt til spott og spe heile dagen. to ting bør nemnast: den såkalla festleiaren var bra samkøyrt med musikantane, og mor mi gjekk fremst i folketoget, medan dei to boblisdamene gjekk til sist. ho eine hadde kasta solbrillene i finveret.

15.5.06

DØYPING

frå cardiff gjekk vegen rake vegen til ås, der guten som tidlegare gjekk under namnet jon skulle døypast. kloke av skade har tante b og onkel a funne ut at det vert for dumt med jon-ar overalt, slik at dei i staden, etter råd frå besto, valde namnet kim kenneth. det vart ein lang og minnerik dag, med gode talar og mange songar. her er det viktigaste som skjedde.

antrekk. nokre gjekk i bunad, nokre gjekk i kjole, nokre la seg på ei relativt casual line. tante m hadde hatt litt dårleg tid om morgonen, og hadde valt ein kjole som var så kort at dei lange kvite underbuksene var synlege.

skyss. frå ås stasjon til kyrkja er det både to og fem kilometer. besto og besten vart henta av ein kvinneleg drosjesjåfør med handklede på hovudet, ei stor samling pastellfarga kremar i andletet, og som på ståande fot ramsa opp alle gatenamn på ås to gonger på under minuttet.

tittel. rett etter døypinga vart far min spurt om han var "vaktmester på sokker", ein yrkestittel som er lite brukt på vestlandet.

fiskebein. besto meiner visst det går seint med utviklinga mi, og prøvde som vanleg å læra meg å gå. for kvart steg eg tok sa ho "sik".

borddekking. besto til kim kenneth er regjerande norsk meister i borddekking. dei som drøymer om å gjera det skarpt i denne greina, kan merka seg at a) dersom nokon skal henta blomar til pynting av bordet, kan det vera greitt å bruka dei som ikkje har bunad, som har mjuke kne, og som korkje før eller seinare har vist spesielt stor interesse for blomeplukking, slik at dei ikkje eingong veit kva ein mispel er for noko, og b) flasker skal aldri stå på bordet.

blodbad. eit anna godt triks i borddekkingskrinsar er å klippa av seg ein finger eller to medan ein brettar serviettar. i rein protest mot at eg ikkje fekk låna saksa tippa eg framover og slo nasen ut av ledd, med påfylgjande bløing utover parketten.

synging. festleiaren fekk etter kvart så dårleg respons på dei stadige oppmodingane om å syngja dei to siste songane på songarket, at ho henta inn nokre småjenter frå nabolaget, som song kvar sin song.

kaker. besto vart reint irritert då ho såg at vertinna hadde rekna to personar pr blautkake, når alle veit at det skal vera omvendt.

dokumentasjon. onkel j tok rundt firehundreogfemti bilete frå dåpen starta til det heile var over i sjutida, altså på rundt seks timar - omtrent eitt bilete i minuttet.

TULLBALL

på laurdag var eg i cardiff saman med onkel k. han har gode kontaktar i samlaget, og hadde skaffa oss vip-billettar til den engelske cupfinala. kampen var god, men etter kampen var me mest oppøste over byråkratane som trugar med å øydeleggja heile gleda ved fotballen.

kor lenge skal desse fotballorganisasjonane halda fram med å introdusera nye reglar? fyrst var det offsideregelen, så kom ordninga med golden goal, og no har dei kome på at dommarane kan leggja til tid dersom dei finn det for godt. ein fotballkamp varer difor ikkje nitti minutt lengre.

etter nitti minutt leia west ham 3-2, etter ein kjempekamp. alle måla til west ham var perlemål, medan måla til liverpool ikkje kjem til å verta viste i komande kavalkadar. slik var det òg med det målet dei fekk eit stykke inn i det nittifyrste minuttet. ballen trefte ein liverpoolspelar som stod med ryggen til, og trilla inn heilt nede i hjørna. etter ei stund vart det straffespark-konkurranse, der liverpool skåra flest. dei fekk difor trofeet, men alle veit godt kva for eit lag som er dei moralske vinnarane - det er laget som leiar etter nitti minutt.

biletet over er teke i vip-losjen, rett etter at trevor brooking hamra ballen i nettaket frå meir enn død vinkel, og auka leiinga til 2-0.

12.5.06

ZOOLOGI 3

her om dagen slo det meg at det er på høg tid med ei ny rangering av dyra mine. det nærmar seg eit halvt år sidan siste liste, og tilveksten har vore god dei siste seks månadene. frå før hugsar me at eg disponerer skilpaddo, bø og bæ, pinglan, den gule katten, kanino, tigeren, gåsa, haren, speledåskanino, blekkspruten, elefanten, den raude hunden, kålormen og tante I-katten. nye dyr er to åmer (ei oppå døra, ei frittgåande), apen, gaudi-øgla, gromit, og ei einarma kanin kjøpt på rimi for ein tiar. i tillegg har besto gitt meg ein haug med plastdyr som av ein eller annan grunn har teksten "3 år+" trykt på magen, og eg har ei imponerande samling små og store badedyr.

etter å ha vurdert dyra på det vanlege viset, er der nokre endringar på lista. tala i parentes viser til plasseringa i november. biletet over viser pinglan ein gong me var på fjelltur på nordmøre.

1 (1) pinglan
2 (-) apen
3 (-) åmo oppå døra
4 (3) kanino
5 (4) bø og bæ

den gule katten eg fekk frå besten ligg på ein uoffisiell sjetteplass.

11.5.06

METAFORAR

foreldra mine har så til dei grader høg utdanning, og snakkar difor ofte i metaforar. likevel er eg av og til litt i tvil, men eg reknar med at desse utsegnene ikkje er metaforar:

- no er det slutt på kaktusane.
- froskane dine er iskalde, jo.

dersom eg skulle ta feil, altså at dette verkeleg er metaforar, tek eg gjerne mot moglege tolkingar.

8.5.06

BRUASET 5

der ingen skulle tru at nokon kunne bu, del V:
madison, minnesota

FOLKEFEST

den fyrste årlege dofestveka vart avslutta med ein storslagen folkefest i går kveld. gjestetalet var tosifra. som vanleg var det størst ordskifte om reglane for kasting av kubb. nokre av dei yngre deltakarane hadde med seg reglar som var så hjelpelause at det ikkje var råd å kåra ein vinnar. er det nokon som har eit oppdatert regelverk? kva skjer med dei kubbane som er kubba ned av begge lag?

7.5.06

UEFA

west ham gjorde som dei ville i dag, og er klar for uefa-cupen til neste år. hipp hipp hurra. ein lei bieffekt er at tottenham ikkje får spela meisterliga-kvalifisering, men ein kan heldigvis ikkje få både i pose og sekk.

5.5.06

SONG NR. 4

puff, puff, så får du ein guff
(melodi: ukjend)

puff, puff, så får du ein guff.
puff, så får du ein guff.
å puffelipuff,
å guffeliguff,
puff, så får du ein guff.

4.5.06

HAREID

misjonsferda held fram. medan mor mi og rapparen misjonerte, såg far min og eg oss om i hareid sentrum. det var fort gjort. me såg to ferjer koma og gå. me såg ein gjeng med pensjonistar gå inn i ein leigd buss. alle sette seg så langt framme som råd.

to mopedistar stod og snakka saman utanfor mix-kiosken.
han eine: har du bensin?
han hin: nja - eg satsar på at det held til i morgon, så får me sjå om bensinprisen går ned.

litt seinare hadde me matpause saman med mor mi og rapparen på ungdomsskulen. ein lærar som gjekk forbi lurte på om det var forfattarbesøk. ei lærarinne tok ordet: - nei, det er dei der nynorske balanse ... greiene.

hadde me kome nokre dagar seinare, kunne me fått med oss konserten med anne nørdsti på hotellet. ho har nett gjeve ut cd-en bonderomantikk.

3.5.06

STRANDA

framhald av misjonsferda. stranda er fyrst og fremst kjend for gastronomi, så medan mor mi og rapparen misjonerte, var far min og eg innom på fabrikkutsalet til stabburet. der kjøpte me med oss nokre vass-skadde grandiosa, og eg var neimen ikkje kar om å skilja desse frå dei vanlege.

me overnatta på eit blinkskot av eit hotell, som også la stor vekt på gastronomien. for fyrste gong i livet fekk far min servert ein omelett der minst 60 prosent av fyllet var sylteagurk. me møtte seint opp til frukost, far min og eg, og det viste seg at hotellet er regjerande sunnmørsmeister i idrettsgreina "skjera opp alt brødet dagen før". av drikke kunne me velja mellom surmjølk og skumma surmjølk.

hadde me kome nokre dagar seinare, kunne me fått med oss programmet "smil og le med hjallis".

STORDAL

eg er på språkleg misjonsferd saman med mor mi og ein lokal rappar. fyrste stopp var stordal, der det ikkje skjedde spesielt mykje. medan mor mi og rapparen misjonerte, var far min og eg innom på samvirkelaget for å sjå på at dei plasserte nye bakevarer i hyllene.

hadde me kome nokre dagar seinare kunne me sett toppkampen mellom stordal og vartdal.

Stranda
Hareid
Ålesund

2.5.06

VEKT

i natt, då eg tok ein sjeldan tur innom matstasjonen, sa mor mi "du må ha drukke 25 liter i natt. du vert jo tjukk som ein ko-ko". er det nokon som veit om dette er alvorleg?

1.5.06

TOG

her er eit bilete frå då far min og eg samla oss på valen. i år kunne me velja mellom fire parolar - "volda ut av ørsta", "sv ut av regjeringa", "noreg ut av nato", og veronica orderud ut av fengsel". me valde den siste.