det er synd og skam med desse monstermastene, som kjem til å øydeleggja heile hardanger. heldigvis var det mange som møtte opp til stormønstringa tidlegare denne veka, slik at utbygginga vart utsett med heile 24 timar. eg er ikkje heilt oppdatert på dei store sigrane i miljørørsla, eg trur det er like godt å dra parallellar til det store studentopprøret midt i 90-åra, då gudmund hernes ikkje ville betra studiefinansiseringsvilkåra. det førte til ei massemønstring av studentar som tok på seg eit gult panneband og marsjerte i gatene medan dei ropte "nei takk!" så høgt dei kunne. me som såg på takka nei til å vera med.men desse monstermastene: onklT tok med seg mor mi til Odda på haustferie, og nytta der høvet til å fotografera ei monstermast. biletet har den venta kvaliteten, men dei som har feilfrie auge skal likevel vera i stand til å skimta ei monstermast på den flate sletta i horisonten, opp og til venstre for flaggstonga midt i biletet. hardanger har truleg sett sin siste turist.