eg og mor mi og treo skal til besten og besto nokre dagar. lite tydar på at tilhøva for blogging har betra seg sidan sist, så det kan vera greitt å få ut ei ny melding før me reiser. og sidan eg har så ekstremt mange gode filmar eg kan publisera, kjem det ein ny her.
her er i alt ti skodespelarar med på denne filmen. maks ti prosent av dei skjønar noko av det som skjer, slik at påverknaden frå wam og vennerød er relativt tydeleg. for å spara tid, og sidan besten sit sentralt plassert, legg eg like godt inn det gode gamle spørsmålet endå ein gong: kva seier besten?
4 kommentarer:
Besten seier: "... "
Besten seier: "
Ellingen, vellingen Vatlandsguten
slo til kukola midt på truten. Den skal du ha ditt stygge troll, sidan du ikkje kunne telle til tolv.
Besten sier:
"Å nei. No skal han spele på gitar igjen. Og ungane hans og. Er det heilt umogleg for å vera stiile i eit sekund? Fekk han for lite merksemd som liten?"
Besten seier: "Gitar utan fuzz er berre ikkje råkkenroll."
Legg inn en kommentar