24.9.07

MOBIL

sist veke, medan far min var på noko kulturelt i telemark, pressa fem over treo og mor mi og eg inn litt kvalitetstid hjå besto og besten. programmet var ikkje av det mest overraskande, og akkurat det var vel heller ikkje spesielt overraskande. me åt litt, og køyrde litt traktor, og besto meiner at ho eine i idol-juryen har same frisyre som donald duck.

viss det dukka opp litt daudtid, nytta mor mi høvet til å klaga litt over den nye mobilen sin. ho fekk eit kanontilbod frå ein telefonseljar - viss ho heldt fram som telenor-kunde dei neste 25 åra, kunne ho få ein splitter ny mobil til berre éi krone. ho slo til, og sidan har livet vore ein einaste lang nedtur. ho har skrive eit dikt om dette, som ho har kalla "pengar ut vindauga":

ikkje går det an å senda tekstmeldingar med telefonen,
viss eg fotograferer nokre blinkskot vert dei lagra alle andre stader enn inni mobilen,
det er berre dårlege ringelydar,
og mobilen er altfor stor og tung.

dette diktet framfører ho så ofte ho kan. så langt har ingen bede om ekstranummer.

12 kommentarer:

Anonym sa...

Spør Flode om han kan fortelje om då kona hans skulle få seg ny mobil til fire tusen.

Anonym sa...

Denne historia hugsar eg ikkje.
Kan du fortelje han, ku kola?

Anonym sa...

Kona til Flode gjekk på ein veg. Så kom det ein selgar. "Vil du kjøpe ein mobil til fire tusen?", spurde han. "Ja", sa kona til Flode. "Nei", sa Flode, og dermed vart det ikkje noko av.
Pluss minus nokre detaljar.

Anonym sa...

Guffen, eg vil melde kokula til det etiske rådet for guffebloggen for å dra kona til flode inn i bloggen. Ho burde ha vore anonymisert. Eg ber i same slengen om utestenging av onkelt fordi han også dreg ned nivået i bloggen, og plagar dei seriøse lesarane av bloggen med dårleg humor.

guffen sa...

frode: klagen er motteken med glede, men eg kan diverre ikkje sjå at du har noko god sak. så lenge du skiftar kone like ofte som far min skiftar skjorte, kan ein vel trygt seia at kona di er anonymisert.

Anonym sa...

Eg ber om plass i det etiske rådet for guffebloggen. Det er rett og rimeleg, sidan det var eg som fann ut at det trengs eit etisk råd her.

Eg ventar forresten på at far din skal opprette ein gubbeblogg, der far din, onkelt og kulkola kan breie seg, medan vi andre kan føre opplyste og interessante samtaler her.

Anonym sa...

Bla-bla-bla, Frode-kommode. Kven er den som er bloggarar her? Guffen har blogg. Eg har blogg. Kvammadodlo har blogg. Kven er du? Dette er ikkje jo bloggesymposium eller bloggedisputas. Dette er det verkelege livet. Privatlivet er daudt. Lev med det.

guffen sa...

kukola: i setninga "Eg har blogg" har du to skrivefeil. "har" skal vel vera "hadde", og "blogg" skal vel vera "bloggar", slik at rett setning er "Eg hadde bloggar".

Anonym sa...

Personåtak, personåtak... dette er symptomatisk for dykk. Det er berre eg og kona mi som held stigen vår rein. No, no gidd eg ikkje meir før etterpå.

Anonym sa...

Ja, særleg kona di. Er det onkelt?

Anonym sa...

Forresten. Far din er sitert i Sunnmøreposten: "Alt er autentisk".
Kva meiner han eigentleg med det?

guffen sa...

ja, eg såg òg den artikkelen. "Far til Frode snakkar om kor bra det er å bu i byggjefelt".