11.9.07

POSTMANN 2

no ser eg meg nøydd til å henta fram ei agurksak frå midt i august. i ei relativt samfunnskritisk melding ramsa eg opp nokre grunnar til at mor mi meinte at postmann pat eigentleg handla om popmusikantane the beatles. to veker seinare, altså på eit tidspunkt då dei fleste hadde kome godt i gang med å tenkja på andre ting, la onklt inn ein kommentar, som peika på seks nye grunnar til at postmann pat og the beatles faktisk er ein og same person. dermed er me totalt oppe i 14 grunnar, og sidan den internasjonale grensa for å akseptera slike hypotesar ligg ved 50 grunnar, er det berre å stå på. eg har difor røkt litt etter, og har funne nokre fleire samanhengar:

* den andre singelen til the beatles heitte "please please me". førebokstavane i dei tre orda er altså ppm. legg ein litt haltande orddelingsreglar til grunn for korleis ein skriv post mann pat, vert førebokstavane pmp.
* songen "the long and winding road" handlar om den dagen postmann pat køyrde feil i krysset.
* landsbyen der postmann pat held til heiter greendale. på norsk vert dette grøndalen. tankane går omgåande til fotballspelaren svein grøndalen, som i ein fotballandskamp mellom noreg og england i 1980 takla phil neal så hardt at han måtte leggja opp. phil neal spelte for liverpool, altså byen der the beatles voks opp.
* ringo starr las kommentarane til serien om thomas the tank engine. i opptil fleire episodar av postmann pat kan ein sjå eit heilt anna tog.

me er altså oppe i 18.

4 kommentarer:

Anonym sa...

han her får kukola til å likne ein smarting

Anonym sa...

Postmann Pat seier:
"Er det noko me ikkje treng på vår klode
Er ein ny vits frå stygge-frode"

guffen sa...

oppe i 20, sjølv om dei to siste er relativt tynne.

Anonym sa...

"Fixing a hole" er skriven då Ringo Starr monterte brevsprekk i utgangsdøra, men han monterte feil slik at den vart opp ned, og då rann regnet inn.

"P.S. I love you" var B-sida til fyrste singelen til Beatles.