20.11.07

NETTBUTIKK

i dag såg eg over rekneskapen for januar-oktober, og kom raskt fram til at det ikkje ligg an til store sprell i jolehandelen. eg er klar over at dette verkar rimeleg desperat, men likevel - einaste måten eg kan få meir pengar å handla for er å opna ein nettbutikk på guffebloggen.

eg veit sjølvsagt godt at ei slik kommersialisering kan føra heile prosjektet ut på ville vegar, men tek sjansen likevel. så langt har eg ikkje rare vareutvalet, men tek gjerne mot framlegg til andre varer som kan vera av interesse.

kalender 2008. kven har ikkje bruk for ein kalender? og kven har ikkje tenkt at ein kalender er utvegen når ein har gått tom for gode jolegåveidear? og kven har ikkje tenkt, når ein opnar ei jolegåve med ein kalender i, at her var det ein jolegåvegjevar som verkeleg hadde sett fantasien i sving? guffebloggen kan tilby ein kalender for 2008 med fleire av dei beste kva seier besten?-bileta. dei som tingar ein slik kalender før 30. april 2008 får eit upublisert kva seier besten?-bilete på kjøpet. å fastsetja prisen for ein slik godbit er ikkje lett, men me bruker prismekanismen aktivt, og sel kalenderen for 29,90 inkl. frakt.

bøker. så langt har me berre ei bok til sals, fred av arne garborg. denne kostar 29,90 inkl. frakt.

4 kommentarer:

OnklT sa...

Hels far din og sei at om ikkje han sluttar å framstella meg som valdeleg, så klakkar eg han i bollen.

kukola sa...

Eg tingar to Fredlaus og to kalenderar. Er det råd å dei før helga? Eg skal gje dei i jolgåve til nokon som kjem til Oslo på laurdag.

Frode sa...

Eg vil berre seia ifrå om at det ikkje er kalender i leilegheita i byen som mor og far din skal låne. Dette var ein bommert frå utlånaren si side. Utlånaren er no redd for at han ikkje skal bli kvitt dei (mor og far) att, sidan dei dermed ikkje veit når dei skal reise. Du vil vel heller ikkje ha dei tilbake, men kan du likevel sende med dei ein kalender?

guffen sa...

kukola: me er diverre utselde for fredlaus. er du interessert i nokre kopiar av frendelaus i staden?