4.1.08

BESTEN 20

i morgon reiser me til syden. fyrst nokre dagar hjå besten og besto, deretter nokre dagar i roma. eg er litt usikker på poenget med all denne reisinga, men det har visst noko å gjera med at begge foreldra mine har permisjon, og mor mi vert heilt vitskremd viss me ikkje kjem oss vekk frå gamlevegen snarast råd.

hjå besten og besto reknar eg med at me får på plass nokre nye bestenbilete. me har sjølvsagt mange å ta av, men det kan vera greitt å ha nokre ferske bilete av og til. slik er tilfellet i dag - biletet er over er frå feiringa av homojola i fjor. spørsmålet er som vanleg: kva seier besten?

5 kommentarer:

Anonym sa...

"Hm... eg vonar Eirik og Marit skal gifte seg i Roma".

Anonym sa...

Besten held fram samtala med seg sjølv:
"Marit er sjølvsagt for god for han, men det er ikkje sikkert ho skjønar det, så mykje raudvin og potitgull som ho har i seg"

Anonym sa...

Unfortunately, we experienced some technical difficulties at the exact moment Frode left his first comment. The last part of it was extralted, and we include the entire comment here:

"Hm... eg vonar Eirik og Marit skal gifte seg i Roma. Viss dei giftar seg her til lands, kan det henda eg må smalltalka med Kukola og Onklt ein gong til."

Sorry for any inconveniences.

Anonym sa...

Takk, moderator.

Gratulerer Guffen! Far din er ein romantisk mann! Eg ser tydeleg føre meg den kjenslevare seremonien han vil stelle i stand i Roma. Rykta vil ha det til at Bobbysocks skal underhalde. Har nokon fått med seg meir av programmet?

Anonym sa...

Besten seier: "Eg orkar altså ikkje ein einaste anisbolle til."