6.1.08

GIFTING

i morgon tidleg reiser me altså til roma, der me skal vera nokre dagar. på ein eller annan måte har altså frode fått snusen i kva som skal skje. far min fridde til mor mi på 38-årsdagen hennar tidleg i november, men ingen har funne det ut før no. ein av grunnane kan sjølvsagt vera at han gav henne ein spesiallaga ring av pottittgull, så det tok ikkje lange stunda før den var oppeten.

dei prøvde fyrst å få audiens hjå paven, men det viser seg at det ikkje let seg gjera. i staden har dei avtale med ein tamburmajor frå sveitsargarden. han har teke mot ein uhøveleg stor pengesum under bordet, og låner difor med seg ein av pavehattane til ein seremoni bak meieriet i vatikanet. der kjem tamburmajoren til å snakka utydeleg latin medan han teiknar noko som minner om eit kors, men som like gjerne kan vera ein støvsugar, i lufta. (behovet for å låna ein rar hatt er rett nok ikkje så stort når du er med i sveitsargarden, men han insisterte.)

sjølv er eg rimeleg lunken til det heile, og skjønar ikkje heilt vitsen med å gifta seg. all ordbruken rundt prosessen burde få det til å kima i klokkene hjå dei fleste. kvifor heiter det til dømes å fri, når resultatet er at begge to misser den vesle fridomen dei hadde? kvifor heiter det ekteskap - er ikkje ikea-skapa mor mi samlar på ekte nok? og kan det vera tilfeldig at det sentralaste ordet er gift? som om ikkje dette var nok, viser jo statistikken at det er dømt til å gå gale. rundt helvta av alle som giftar seg vert jo skilde. det vil seia at anten mor mi eller far min vert skilde, og det må jo vera rimeleg trist for han eller ho som sit att og er gift heilt åleine.

7 kommentarer:

Anders sa...

Det kan gaa bra, det, Guffen, det er ikkje sikkert du treng vere saa skeptisk. Vi feira 21 aar nyttaarsaftan. Du faar oenske dei til lukke og lukke til. (Orsak dei rare bokstavane, eg er utanlands nett no). Og god tur til Roma! Vi kjem etter til vaaren ein gong.

Anonym sa...

Vent litt. Om eg skjønar deg rette, så skal besten vli katolikk? Får ikkje det heilt til å stemme. Som med så mykje anna.

Anonym sa...

No blir liksom eg syndebukken fordi eg uta at de skulle gifte dykk.
Berre fordi eg var den einaste som såg den hemmelege bodskapen i melding nr. 45 og 78. Når ein kombinerer forbokstavane i dei 6, 12, og 17 linene i desse meldinga får ein V S G O I R, som heilt opplagt blir "Vi skal gifte oss i Roma".
Eg er likevel meir bekymra over dei andre meldingane eg har funne.

AgnesB sa...

Gje deg, Frode. Den audmjuke haldninga kler deg ikkje :)
Grattis Marit og Eirik, velkomne heim som ektepar!

Anonym sa...

38-årsdag i november, ja, ja...

Her har vi skjønt at det har vært bryllup i gjære i flere måneder, men "mor di" har så langt benektet det. Artig derfor å få mistanken bekreftet. God tur og gratulerer, Roma er fantastisk.

Anne Marit og gutta

Anonym sa...

Eg overlet brudlaupsgåvekjøpinga til kukola, det plar vera ein billig utveg.

Anonym sa...

Gjengen i Aasen-tunet gratulerer dei nygifte og feirer det med raudvin og pottitgull i alle matpausane denne veka!