11.1.08

ROMA

i roma gjekk det meste etter planen. me åt mykje dårleg pizza, hadde altfor mykje på programmet, mor mi var innom alle veske- og skobutikkane i byen, me prøvde nokre nye og velsmakande is-sortar, me såg på ein del steinrøyser, me hadde kappdrikking av pærejus, me snakka normert landsmål kvar gong me kom i kontakt med dei innfødde, me såg lite til paven, og me fekk friska opp den gode samtalen.

likevel var der nokre samtalar som ikkje vart så gode som me hadde von om. far min har lenge lurt om uttrykket "alle vegar fører til rom" handlar om den italienske hovudstaden eller om stover eller kjøken. omvisaren på kolosseum var ein klar kandidat til å svara på dette, sidan han verka over middels kunnskapslaus, men han gløymde diverre å ta pausar dei tre kvartera han heldt på, slik at me ikkje vart så mykje klokare. av same grunn veit me ikkje om det stemmer at roma ikkje vart bygd på éin dag. me kan ferie.

no er me nokre dagar på voss, der me mellom anna skal ha ein del forretningsmøte med aktørar som kan visa seg å verta sentrale under den planlagde flyttinga. foreldra mine har framleis tru på at det let seg gjera å pussa opp eit hus frå gamle dagar, og tidleg i februar kjem me til å lysa ut ei arkitekt-tevling for dette huset. det er fullt mogeleg å senda inn framlegg alt no - huset har ei grunnflate på 12x6 meter, og går over to høgder, i tillegg til potetkjellaren, som mor mi alt har gjort om til kombinert pottittgull- og vinkjellar.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Kan du få mor di til å koma med nokre detaljar frå bryllaupsseremonien? Kva sa far din?

Anonym sa...

Einig med Frode. Skuffande litt dirty details om vigsla. Trur snart det er noko berre far din har skrytt på seg.

guffen sa...

far min skjønar ikkje spørsmålet, men han har alltid hatt vondt for å snakka når det vert for mange tårer i augene og for store klumpar i halsen.

Anonym sa...

Einig med Agnes. Dårleg gjort av far din, dersom han vitsar med slike alvorlege ting.

guffen sa...

kirsti: eg ante verkeleg ikkje at det var reglar for kva ting ein kunne vitsa med. dei neste vekene kjem eg til å vitsa om kattungar, knekkebrød, brunost og plommesyltety. viss dette er for sterkt for deg, kan du kanskje finna deg ein annan blogg desse vekene.

Anonym sa...

Kjære Guff, du er openbart ein urøynd Mann blant både hardbarka og gravide Kvinner. Prøv på ein mild, men streng måte å sei til far din at ein ikkje køddar med gifting. Plommesylta er det faktisk greiare å forholde seg til.

guffen sa...

agnes: ja, eg merkar meg at det helst er verpesjuke damer som slit med å lesa enkle tekstar.

frode: du bed om detaljar frå vigslinga. edb-maskina til besten er ikkje heilt kompatibel med det høgteknologiske kameraet eg drog med meg til roma, så bileta derfrå må venta til eg er attende i gamlevegen.