29.8.08

REPETISJON

dette har eg skrive før, men denne gongen er det nesten for sant til å vera godt: frå no av vert det fleire bollar. me har fått på plass både datamaskin og internett, mor mi er godt i gang med rådgjevinga, far min er i gang med innhaustinga, og eg og femmen herjar vilt i barnehagen heile dagen. tilhøva ligg såleis godt til rette for at det vert mange bollar framover.

i barnehagen går det greitt. viss nokon herjar med femmen byrjar han å grina; viss nokon herjar med meg bit eg dei til dei byrjar å grina. i dei andre barnehagane eg har vore innom har det vore vanleg at alle ungane har same sveis som den personen barnehagen er oppkalla etter. slik er det truleg her òg, men sidan ho einaste eg kjenner med etternamnet gjernes hadde med seg bomber i sitt eige bryllaup, er det ikkje verdt bryet å henta fram eit bilete av ho her. dei som vil kan i staden leika at dei ser eit bilete av ei som har med seg bomber i sitt eige bryllaup.

7 kommentarer:

frode sa...

Ein merkar at du veks i alder og visdom, Guffen.

guffen sa...

store ord og fleskefeitt glir lett gjennom halsen, men heller ikkje i år deler me ut pris til den største smiskaren.

terje gjernes sa...

Har ikkje far din fortalt om meg og frode, bror min?

frode sa...

Nei, fortel!

kukola sa...

Besten seier: "Korleis går det med slåtten?"

guffen sa...

oi. anar eg ei viss interesse for å friska opp 'kva seier besten'? det neste vert vel at nokon etterlyser framhaldet av besten og besto sin versjon av turen til svanvik.

frode sa...

Postkasse nr. 10: 100 poeng, mange piong