16.2.09

BESTEN 26

det er ikkje måte på kor det livnar i lundar for tida. snoen lavar ned, og opptil fleire i hushaldet har funne fram skiene. kvart på sjuo surmular kvar gong dette skjer, sidan mor mi har bestemt at ho (altså kvart på sjuo) er i minste laget til å få seg ski.

besten kosar seg som alltid om vinteren. ingen dag er perfekt utan ein runde med galkøyring på rattkjelke på ein av dei flataste vegane i tjukkebygdi. biletet over er teke rett etter ein slik runde, og spørsmålet er ikkje uventa det same som tidlegare: kva seier besten?

5 kommentarer:

Anonym sa...

Besten seier: Dra meg opp att!

Anonym sa...

Besten seier: Kva? Ein artikkel på guffesida som ikkje nemner jol?

guffen sa...

nja. artikkelen opnar vel med ei omskriving av ein kjend jolesong.

Anonym sa...

Besten seier: "Køyrer du feil trasé vert du diska, slik Bjørndalen skulle vore."

Anonym sa...

Besten seier: "No køyrde eg så fort at eg har gløymt om det er høgre eller venstrekøyring på Tykkebygdeveien"