16.3.09

DRAUM

det har vore ei merkeleg helg. mor mi var i utlegd, medan eg, fem over sjuo og onklT veksla litt på å ha dårlegast mage. fem over sjuo heldt døgnope i begge endar, og imponerte som vanleg med å ikkje missa fatninga berre av di ho kasta opp litt gamal sjokoladepudding utover dei aller finaste sengkleda til mor mi.

sjølv hadde eg det ganske travelt i natt, med opptil fleire så til dei grader overfylte bleier, og nokre æresrundar med lett oppkast. til alt hell fekk eg sova litt frampå, sidan dei i barnehagen vert så ekstremt sure på mor mi når ho leverer halvdaude ungar der, og då drøymde eg mange draumar store og heftige. den siste draumen var ekstra triveleg, det fyrste eg sa då eg vakna var at eg ville ha ein bolle i ein bolle. gjerne med prim.

onklT er diverre veik på drøymetyding, og sidan draumen forsvann før eg fekk taket i han, er eg nett like vis. er det nokon som veit kva ein bolle i ein bolle er? og er det nokon som kan tyda draumen for meg?

10 kommentarer:

frode sa...

Eit Kinderegg, sjølvsagt.

kjesso sa...

Det er nok ein stavefeil på gang. Det du vil ha, er ei BILLE i ein bolle, gjerne med prim. OnklT lagar det sikkert til deg om du spør fint.

kukola sa...

Eg trur det er dansk og noko grisete.

kjesso sa...

Ved eit usannsynleg samantreff har eg akkurat oppdaga at Bollemann Reiertsen spelte i Haugesundsbandet Moonspinners på 60-talet. Men eg har gløymt vitsen om Billemann og Bollemann. Kan nokon hjelpa?

kukola sa...

Ja, så var det Billemann og Bollemann som skulle gå over ein veg. Billemann kom seg greitt over, men Bollemann vart overkøyrd av ein semitrailer. - Kome igjen, sa Billemann. -Ta deg ein bolle.

kjesso sa...

Njaei, trur ikkje det var heilt slik.

frode sa...

Ja vel?

guffen sa...

eg spurde onklT, og han trudde det var noko med at anten billemann eller bollemann klatra opp i eit tre.

Bollemann sa...

Billemannen er Birger Rokne. Spør han.

guffen sa...

Spør sjølv: http://www.knuterockne.net/contactinfo.htm