6.5.09

SAMTALEN

det viser seg at det igjen er på tide å friska opp den gode samtalen.

på toget frå bergen til voss, onsdag kveld. to luringar møtest midt i vogna:
- nei, har du vore i bergen?
- ja. eg driv og tek lappen.
- bil-lappen?
- ja. eg kunne teke lappen på voss, men det hadde vorte så mykje stress.
- eh .... bur du ikkje på voss?
- jo.

litt seinare:
- ein eg kjenner, sant, tenkte ikkje på at det berre er eitt do på desse lokaltoga. så han sette seg heilt fremst, og så var doen bakarst.
- fremst?
- hæ?
- doen er fremst.
- eg tenkte på køyreretninga.
- akkurat.
- i alle fall - når han måtte på do, måtte han gå gjennom heile toget, og tilbake igjen. det var j*vli kjedeleg, sa han.

13 kommentarer:

kjesso sa...

Eg kan skriva under på at det er skikkeleg stress å ta lappen på Voss.

frode sa...

Kven skal ha underskriftslista?

guffen sa...

legg ho i nasjonalpostkassa.

Anonym sa...

Er det råd å skrive under på at det skikkeleg stress både å ta lappen på voss og at det er kjedeleg å gå gjennom heile toget for å gå på do og at det vart litt kjedeleg med kvit blogg igjen?

guffen sa...

sjølvsagt. skriv under på kva som helst, og legg det i nasjonalpostkassa. ho ligg langt inne i ein garasje i valdres.

Anonym sa...

Kva er adressa til garasjen?

frode sa...

skriv berre
nasjonalpostkassa
2967 Lomen

postdama kjenner sjølvsagt godt til kassa.

guffen sa...

ei postdame? er postkassa rosa?

kjesso sa...

Eg merkar at eg slit litt med kva som var kjedeleg. Var det:

a) at han måtte på do?
b) at han måtte gå gjennom heile toget?
c) det som skjedde på do?
d) at han måtte gå tilbake igjen?

Kan Guffen hjelpa?

guffen sa...

det som er kjedeleg er vel å svara på kjedelege spørsmål om kva som er kjedeleg. men eg tippar at det er ein kombinasjon av a, b, og d. eg har i alle fall aldri høyrd om kjedelege episodar på do.

kukola sa...

Så var den gongen Billemann og Bollemann sat på toget. Brått reiste Billemann seg og sprang på do i andre enden av togsettet. Då han kom attende spurde Bollemann:
- Gjekk det bra?
- Nei, det gjekk ned, svara Billemann.

kjesso sa...

Men Guffen, sånn mellom oss så har du vel ikkje for vane å gå på do enno?

guffen sa...

nei. og i alle fall ikkje i den nærmaste enden av toget.