14.7.09

FERIE

det er typisk. me bur i kvitahuset eit heilt år, og ser ikkje folk i det heile. så kjem sommaren, og det renn inn med vitjarar. onklar og tanter og andre luringar kjem innom, og dagane går med til bordtennis og grilling og fisking og det som endå verre er. av og til er det så stor stemning at til og med mor mi meiner at livet er over middels.

ikkje uventa finn mor mi og onklT ut at dette er rette tidspunktet for å reisa på ferie. det er ikkje noko bombe at vegen går til besten og besto, der me skal bada i kaker og bollar og brus. etter nokre veker med slikt stell pakkar me det me finn inn i bilen, og legg ut på den vanlege rundreisa langs høvelege riksvegar. planane er ikkje heilt i boks, men det som er sikkert er at me skal sjå etter ufoar i hessdalen, like ved røros, og at me skal trø litt i den vanlege siloen i valdres.

2 kommentarer:

kjesso sa...

Har du ynskt onklT til lukke med dagen i dag?

guffen sa...

korkje eg eller onklT er spesielt oppteken av slikt småborgarleg visvas.