21.7.09

FERIE

ferien er ei veke gamal, og så langt er det lite å melda. høgdepunktet på reisa nordover var då me stakk innom i ivar aasen-tunet i ørsta, eit opplevings- og dokumentasjonssenter for nynorsk skriftkultur. akkurat då me gjekk forbi skulle det vera ei omvising med ein katt. dette er visst einaste måten dei kan rekruttera nye nynorskbrukarar. kvart over nio har så langt vist stor interesse for både nynorsk og kattar, og stilte seg fremst i køen. det viste seg at ivar aasen-tunet like godt har henta inn ein av dei største kattane i verda, slik at kvart over nio fekk granatsjokk, og sprang skrikande så langt ho greidde. dette var fire-fem dagar sidan, men ho er framleis rimeleg øren. viss dette er det beste ivar aasen-tunet får til, kan ein berre leggja ned heile nynorsken med det same.

apropos øren: me var nokre dagar hjå besten og besto. det gjorde inntrykk på alle, bortsett frå kvart over nio, som berre tenkjer på farlege kattar heile tida.

2 kommentarer:

frode sa...

mjaaau

kjesso sa...

"viss dette er det beste ivar aasen-tunet får til, kan ein berre leggja ned heile nynorsken med det same."

Eg sit pris på at du kastar denne brannfakkelen inn i målordskiftet. No vonar eg bladstyraren i Norsk Tidend fylgjer opp.