25.7.09

FERIE

ferien held fram. halv tio er framleis relativt sjokkskada etter å ha hatt nærkontakt med ein særs utriveleg katt, så for å letta på humøret hennar tok me turen inn i todalen, for å sjå dalen der vangsgutane budde. om kveldane les ofte mor mi litt om vangsgutane for oss, truleg av di ho vonar at me skal ta oss like godt ut viss me vert større. dette utdraget las ho like godt to gonger:

Steinar sette seg, men han reiste seg att med det same og vende seg mot dei andre borna.

"Det er noko eg lyt seie," sa han, og dei høyrde at målet hans skolv i harme. "Når vi går på skule her, så er det ikkje for å gjere fantestykke og finne på det som er gale. Det kan vi gjere heime kvar for oss. Her skal vi lære å skrive og rekne og bruke tida til det som er nyttig. Er de ikkje samde i det?"

Det var stilt ei lita stund. Ungane såg på kvarandre og visste ikkje om dei torde seie noko. Men så hugsa dei at Larris var ute, og da var det bere å seie meininga si.

"Eg tykkjer no det," var det ein gut som sa.

"Ja, eg og," sa ein annan. Og så tala dei borti den eine etter den andre, og alle var samde med Steinar Vangen.

Lærar Holten var blank i augo. Han gjekk bort til Steinar Vangen og tok handa hans.

"Du er ein gild gut, Steinar, og eg veit ikkje korleis eg skal få til å takke deg for hjelpa," sa han. "Du er ein gut som vil noko, og det er slike gutar Noreg treng! Gje vi hadde mange slike som deg!"

(Leif Halse: Flagg over Vangen, 1945)

3 kommentarer:

Kjartan Helleve, Noregs Mållag sa...

Det minner stygt om noko Nils Kvamsdal sa til meg etter å ha lese opp ein stil eg hadde skrive. Thomas Lorentzen heldt på å seie at den minna stygt om han hadde lese i Vangsgutane, men eg gav han ti kroner og det stoppa munnen hans.

guffen sa...

eg trudde me var samde om å ikkje nemna Thomas Lorentzen på guffebloggen.

kjesso sa...

Eg tykkjer ikkje det er noko gildt at han Steinar oppmodar ungane til å finna på fantestykkje og slikt som er gale når dei er heime hjå seg sjølve. Tenk på foreldra, Guffen.