30.7.09

FERIE

drøymeferien held fram, og strekkjer seg mot nye høgder. me var innom hjå ei galen slektning i trondheim, og fekk servert nokre halve brødskiver med sveittande ost og årgangselgkjøt. så la me vegen om røros, der me mellom anna fekk sett eit historisk spel om då heilag-olav kristna dei som arbeidde i koksgruvene. så køyrde me til savalen, der me bada i lag med nokre gamle svenskar, og såg på dei lokale minnesmerka. dei burde kanskje ha variert litt meir, andre bloggarar melder om vinje-monument med ei høveleg høvisk innskrift, me kom over eit garborg-monument med presis same innskrifta.

5 kommentarer:

kukola sa...

No har tom Mållaget lagt ut ei ny sak på heimesidene, så no er vel ferien snart ferdig?

rypa sa...

Eg tykkjer du Guffen er ein smalspora dilletant utan syn for dei store linene.

rypa sa...

Eller dilettant då, din dilettant.

kjesso sa...

Eg synest rypa er ei dilletante.

guffen sa...

ryp: du bruker litt for mange jernbanemetaforar til at eg greier å ta deg heilt på alvor.

men dei store linene er rimeleg oppskrytte.