18.8.09

BESTO

besto og besten var ein snartur til nordfjord. onklT hadde teke på seg å henta dei, og sidan turleiarane var så til dei grader bak mål, måtte besto informera litt undervegs. ho er ein kløppar på tekstmeldingar:

I: Nei dei er litt uvisse sjefane me er i loen kom i 5tida me cooan middag kl 7 får ringja når eg får nærare besk (måndag, 18.07)

II: No er me snart i van vald me skal visst stoppa ein gong til klokkeslett er vanskeleg å få greie på skal de ut på noko (tysdag 16.05)

III: [tom melding] (tysdag 18.01)

IIII: Tvinno me vert 3 kan du ta bilen vår (tysdag 18.56)

10 kommentarer:

frode sa...

Er besto frå Valdres? Mange kjende dialektuttrykk her.

guffen sa...

nei, eg trur ikkje ho er frå valdres. eg skal sjekka.

Torstein Helleve, Odelsgut og landbrukorientert sa...

Ingen grunn til å sjekka, ho er frå Nedre Vats

frode sa...

Ja, i nedre vats seier dei jo at dei har vore van vald, når dei eigentleg har vore faen i vold

guffen sa...

van vald er trykkfeil for vang vald. viss dei bruker det uttrykket i vats, må det altså tyda at dei har vore fang i vold. merkeleg dialekt.

Ein fan sa...

Er det nokon her i dette forumet som veit kvifor Norsk Allkunne-redaksjonen ikkje var på Samlagsfestenpå onsdag?

frode sa...

Er det fleire faan her?

Men nei, eg veit ikkje. Eg vil tru dei ikkje var invitert.

guffen sa...

fan: redaksjonen var representert ved ein av medlemmane i redaksjonen. han var til stades, men klaga over a) kor kaldt det var, og b) kor dårleg mat det vart servert.

frode sa...

prata han med nokon kjendisar? eller var han mest opptaken av å prate med dei han alt kjende? neppe kjendisar dei, nei.

guffen sa...

han er alt kjendis. i alle fall i samlagsmiljøet.