22.8.09

DRAUM

onklT treng hjelp av ein draumetydar:

i natt drøymde han at han braut seg inn i eit herskapleg hus, der eit gamalt skinn budde heilt åleine. han gjekk rundt i dei enorme stovene, og såg seg ut saker og ting som kunne passa som tjuvgods. etter ei stund vakna det gamle skinnet, og til si store skrekk såg onklT at ho kom tassande inn i stova der han var. onklT såg ikkje anna råd enn å spela idiot, og ropte ut ein del ord som skulle prova at han var ein utlending med lettare hjerneskade.

mor mi vakna av desse ropa, og forstod ingenting av det som vart sagt. det er ikkje så uvanleg; eg er meir interessert i kva draumen tyder. kan det ha noko med haustsleppefesten til samlaget å gjera?

8 kommentarer:

frode sa...

det har ikkje å gjera med haustsleppefesten. det har å gjera med at onklT er ein slags utlending med hjerneskade.

kukola sa...

Huset: Valdres
Tinga: Postkasser
Den gamle grisen: Frode
Orda: Folkemusikkfestivalen i Førde

guffen sa...

bortsett frå det med postkassene trur eg pikerten du har rett. i førde hentar dei jo inn ein del utlendingar. eg anar ikkje noko om hjernekapasiteten deira, men dei driv jo med folkemusikk, og det skulle jo vera indikator sterk nok.

det ser altså ut som om du burde finna deg ein jobb der du fekk brukt for dette talentet ditt.

kukola sa...

Pen Name: ChelseaJayne (view poems)
State/Province: New Mexico
Country: USA
Age: 17
Sex (M/F): f
Favorite Poets: frost, dickenson, poe, sivlestein, Homer
Sivlestein? Meiner ho Sivlesteinen?

guffen sa...

eg trur ho er fransk. siv le stein.

er du inne på nettsida www.poetsmeetspoetsforexchangingeroticmetaphorsandallitteration.com?

kjesso sa...

Kvifor trudde onklT det var naudsynt å spela idiot? Drøymde han at han ikkje var det?

guffen sa...

det var eitt av spørsmåla han gjerne ville ha svar på.

Anonym sa...

Les hele bloggen, ganske bra