17.8.09

JUS

dette kan verta ei lang veke. eg har ei kjensle av at på den internasjonale juskonferansen vart alle dommarar i heile verda samde om å leggja dei minst interessante rettsaken til éi og same veke. slik har det seg at samstundes som einearvingen i riisen-slekta ("kan jeg ta en til?") står for retten, står to luringar for retten ein eller annan stad i jungelen. dei to har til alt hell fått ein kosmisk advokat, som så langt har basert forsvaret på at a) han som er død er ikkje død, og b) ho som var gift med han har aldri vore gift med han. rett ut av læreboka.

mor mi slit som vanleg med å visa interesse for ting som har såpass brei og ålmenn interesse, og pendlar difor til oslo for å sitja barnevakt. eg og halv ellevo og onklT sit att med skjegget i postkassa, og veit ikkje vår arme råd.

5 kommentarer:

frode sa...

Det virkar ikkje som om bermen her på guffebloggen er synderleg interesserte i jus, men det kan jo vera at t.d. kukola ikkje skjønar termen?

guffen sa...

bermen drikk vel mest øl. og lite jus.

kukola sa...

appelsinjus er ok, men eg likar best eple. tropisk er favoritten.

frode sa...

aha, du lever i sus og jus?

guffen sa...

det heiter vel sioux. og juice.