31.8.09

SAMFUNN

det kan ikkje vera lenge igjen til stortingsvalet, og til liks med alle andre som set dagsorden var meininga mi å koma med nokre døme på korleis stoda er. slik vert det ikkje - eg greier ikkje heilt å finna ut kva døme eg skal dra fram. skal eg snakka om desse to luringane i kongo, som på ein eller annan måte har greidd å stilla seg slik at heile oljefondet og meir til går med til å erstatta ymse tap? skal eg snakka om at sjølvaste kiki sørum er død - kven skal no stå fram med smakfulle klede og fortelja oss kva som er gale med andre sine klede?

denne oppgåva er i største laget for meg. det får heller gå som det går med dette valet.

16 kommentarer:

kjesso sa...

Same kan det vera. Du har ikkje røysterett før i 2023 uansett.

kukola sa...

Forandringar me ka tru på, seier no eg.

frode sa...

Kan du ikkje skrive om dei store rasa som endeleg har isolert voss

guffen sa...

der er nokre store ras som endeleg har isolert voss.

frode sa...

trur du far din kan fylle tomrommet etter kikki sørum? han har vel om lag like mykje å koma med.

guffen sa...

er kikki sørum i slekt med kiki sørum?

kjesso sa...

Ikkje no lenger.

kukola sa...

Kva med ein konspirasjonsteori om at far din står i leietog med Dag og Tid?

guffen sa...

far min hatar dag og tid som pesten. onklT derimot, kosar seg skikkeleg med kvart eit nummer.

kukola sa...

Kven er onkelT?

Kjartan Helleve, Noregs Mållag sa...

Har noko interesse av å liggje i oversynet av nynorsk bloggar på heimesidene til NM?

Ditto sa...

Eneten skulle det vere "har du noko" eller "Har nokon"

Ditto sa...

Ditto

guffen sa...

eg trudde denne bloggen alt låg og sprella i det bloggoversynet. du må ikkje fjerna han - då forsvinn sikkert dei siste restane av publikum.

Dei siste restane av publikum sa...

Det har vi alt gjort.

Anonym sa...

hvorfor ikke:)