28.9.09

HAUST

denne veka vert travel. besten og besto har drege på seg spanderbuksene, slik at alle som held til i kvitahuset er inviterte med på ei drøymehelg i eit luksuriøst hyttepalass på hardangervidda. mor mi bruker difor tida til å prøva ut ulike grenoble-inspirerte turantrekk. tio og eg er meir opptekne av kor mange donald-filmar me kan pressa inn i bagasjen, medan far min har reist til sunnmøre, for å vera med på ei friluftsmesse der. ting kan altså tyda på at den bedagelege og behagelege livsstilen eg har hatt så langt, står for fall.

om dette bekreftar eller avbekreftar hypotesa om at hovmod står for fall, er derimot uklart, men det skulle ikkje undra meg om me vil finna ut meir om det medan me ligg og sprellar i jacuzzien.

10 kommentarer:

frode sa...

Guffen, eg skjønar ikkje alle framandorda du nyttar.

[hardangervidda, grenoble, friluftsmesse, sunnmøre, jacuzzien]

Kan du skrive det om til Bø og Bæ-språk?

guffen sa...

bø og bæ har ein ven.
det er halvor.
halvor likar å sjå i vatnet.

frode sa...

Er Halvor depressiv?

guffen sa...

ja, det vonar eg verkeleg. viss han er venen til to oppdikta sauer, og viss han samstundes er ein som likar å sjå i vatnet, ville det jo vore direkte pinleg viss han ikkje var depressiv.

kjesso sa...

Eg har ei gåte: kva er likskapen mellon frode og FC Lyn Oslo?

guffen sa...

begge er på bærtur?

frode sa...

Besten seier: Båe likar mellon?

kjesso sa...

Båe er skrapa for ressursar.

frode sa...

besten seier: kva er ressursar?

kjesso sa...

QED.