17.9.09

OPPSUMMERING

det er godt kva som er gjort. men i all debatten etter valet er det eit stort spørsmål som står utan svar: vert uteliggjarar og heimlause som ikkje nyttar røysteretten sin rekna med blant heimesitjarane?

13 kommentarer:

frode sa...

Besten seier: Personleg trur eg "heimesitjarar" er ein allegori, og at ein difor reknar dei med.

dutto sa...

Samd. Trur heller ikkje det har noko med heim, sit eller jar å gjere.

guffen sa...

akkurat. er det slik med sofaveljarar òg?

dutto sa...

Nei. Det skal vere SofaViljar.

guffen sa...

no vert eg meir og meir forvirra. kva med songen 'fire pils og ein pizza', kva handlar den om?

frode sa...

Besten seier: Ein må skrive "Besten seier" føre det ein skriv, elles tel det ikkje med i besten seier-tevlinga. Innlegga her frå dutto og guffen tel difor ikkje.

guffen sa...

no rotar du fælt. du blandar saman reglane for nasjonalpostkassekåringa, reglane for nettmøte, og ein del andre reglar det er naturleg å samanlikna seg med.

kjesso sa...

Ein uteliggjar er vel det motsette av ein heimesitjar.

kukola johansen sa...

Besten seier: Når vart Besten seier ei tevling? Kan ikkje hugse at det har vorte kåra nokon vinnar. Men det er vel slik med denne bloggen: mange spørsmål, få svar.

Tjostolv Moland, Kisangani sa...

Eg fekk heller ikkje nytta røysteretten denne gongen. Eg hadde litt kontakt med nokre velfriserte ambassadefolk for eit par veker tilbake, men dei snakka berre fransk

kjesso sa...

Knall at det går an å røysta på alle alternativa samstundes. Dette hadde han Sponheimen likt.

guffen sa...

moland: kan ikkje han kameraten din, joshua french, vera tolk?

kjesso: mor mi insisterte på ein sponheim-venleg modell?

sa... sa...

For lite spørsmål i tevlinga