9.10.09

TAP

haustferien vart, som vanleg, ein braksuksess. me var nokre dagar på ustaoset, saman med besten og besto og ei reservebesta. far min ville at me skulle bruka tida til å lesa mange av dei gode bøkene i bokhylla der, mor mi ville at me skulle prøva akebretta som låg i skibua, medan besto meinte at i alle fall nokon i slekta burde vita litt om ysting, og drog oss med til ysteriet nede ved oset.

far min gjekk diverre på eit par leie smellar. ein ting er at han greidde å rota vekk reservelyklane til bilen til besten, ein annan ting er at han greidde å rota vekk ladaren til mobilen. har nokon ein ladar til overs? eg er ikkje sikker på kva merke det er, men han har ofte sagt at han gjorde eit kupp då han kjøpte han - i 2001 var dette den suverent mest moderne mobilen som kunne kjøpast på austefjorden samyrkelag.

3 kommentarer:

tante b sa...

om det er slik at det er mangel på ladarar har åsmund sånn nokonlunde god oversikt over kva som finst av ledningar/ladarar i ei skuff. du kan no ta kontakt med han.

frode sa...

spør anne viken

guffen sa...

anne viken har sommarjob på audhild vikens fjellstove, og er difor inhabil.