17.2.10

VINTER

det er travle dagar, om ikkje akkurat på guffebloggen. naboen i aust har endeleg brukt traktoren til noko vitugt, og har laga ein akebakke med stort potensiale for alvorlege seinskader. mor mi er av dei ivrigaste*, men me andre får òg prøva oss. til helga vert det storinnrykk, med opptil fleire tilreisande akarar frå oslo vest, og då kan alt skje. viss besten får start på "traktoren" sin, har han lova å fresa opp nokre meir krevjande løyper.

men på guffebloggen er det rolege dagar. det er fare for at alle emna er oppbrukte, og me tek gjerne mot tips om kva me bør ta opp. er det til dømes på tide med eit nytt nettmøte? viss mor mi hadde greidd å fiksa kameraet ho herpa her om dagen, kunne me sikkert vunne litt tid ved å ta ein runde med "kva seier besten", men det vert truleg for vanskeleg utan illustrasjon. no er gode råd dyre.

* av dei ivrigaste nordmøringane i nabolaget

6 kommentarer:

kjesso sa...

Eit nettmøte med kvart på too kunne vore på sin plass.

frode sa...

det er rett at guffebloggen har tapt seg. uansett kva du skreiv om vart kommentarane kjegling mellom kukola og frode, der førstnemnde oftast kasta første steinen.
Stenger du desse to ute, trur eg bloggen vil få eit løft.

kjesso sa...

Kastar Frode stein i glashus? Eg gjer framlegg om avrøysting.

guffen sa...

kvart på too stiller til nettmøte, seier ho. dei som vil kan senda inn spørsmål. viss det ikkje kjem inn spørsmål, kan me bruka spørsmål frå tidlegare nettmøte.

kjesso sa...

Skal spørsmåla sendast inn nokon bestemt stad, eller er det nok at dei vert sendt inn?

guffen sa...

Det er det same for meg.