16.5.10

FREDAG 14. JULI

Opp 1/2 8. "Serials" til frukost. Avstad til Minneapolis kl. 1/2 9. Kom hit til motellet. For og handla. Åt "landgang". For på ein grønn "shopping-mall" inne i byen. På baseballkamp Twins - Boston Red Sox. Vern kom. Åt på "Arnolds". Køyrde Vera til hotellet. I seng kl. 1.

---
guffemerknad. puh. endeleg ferdig.

14 kommentarer:

kjesso sa...

Det var ein abrupt slutt, synest eg.

kukola sa...

"ok"

frode sa...

takk for ein flott og interessant serie. EG vil gjerne lesa meir.

guffen sa...

hugs at det snart vert nettmøte med tante B, berre det kjem inn nokre spørsmål. det kan jo henda at ho òg har reisenotat som kan publiserast.

kukola sa...

Kva med å lage eit nettmøte direkte mellom Frode og tante B, så kan me andre lese om meir landbruksrelaterte saker, som eg personleg meiner er "guffebloggen" si sterkaste side.

kjesso sa...

Eg vil åtvara andre nettbrukarar mot guffebloggen sine stadige løfte om nettmøte berre det kjem nok spørsmål.

Eg leverte ti spørsmål til nettmøtet med ti på halv åtto, men nettmøtet kom aldri.

Det er tydeleg at guffebloggen er ein reiskap for å få truskuldige til å levera frå seg spørsmåla sine på nett.

frode sa...

ja, ein finn ofte at spørsmåla på bloggen til anne viken

guffen sa...

kukola: a) frode er bonde, med god kunnskap til folkemusikkrørsla. b) tante B er bonde, med agronomutdanning frå jordbruksskulen på ås. det er vel rimeleg opplagt at eit nettmøte med desse to vil vera jordbruksrelatert?

kjesso: nettmøtet med halv tolvo er rett rundt hjørna. ho har vore mykje i barnehagen i det siste, og har ikkje hatt tid til anna.

kjesso sa...

Eg reknar med at bruken av preposisjonen "til" i staden for "om" ikkje er tilfeldig, så eg lurar på kva folkemusikkrørsla skal med jordbrukskunnskapen til frode. Det er ikkje alle som driv med folkemusikk som er opptekne av jordbruk.

Og elles er det mange i hovudstaden som lurar på kva tid VM-tippinga startar. Det var i alle fall ein som spurte meg på onsdag.

frode sa...

1) det er heller ikkje alle som driv med jordbruk som driv med folkemusikk, viss det er det du prøver å seia.

2) VM-tipping. Eg vel same strategi som sist og tippar det motsatte av kukola alt no. Ganske stor suksess då.

guffen sa...

kjesso skreiv: "Det er ikkje alle som driv med folkemusikk som er opptekne av jordbruk". det står mykje dumt på internett, men dette kan vera det aller, aller dummaste. nemn éin folkemusikarar som ikkje driv med oksar.

vm-tipp: frode leiar så langt.

kjesso sa...

Alexander Rybak. Han driv knapt nok med kviger.

guffen sa...

hallo? han driv med grand prix. det er folkeleg, og såleis det still motsette av elitistisk folkemusikk.

kjesso sa...

Hah. Veddar på at du er ein slik bunadspurist òg.