21.10.10

MONSTER

det er synd og skam med desse monstermastene, som kjem til å øydeleggja heile hardanger. heldigvis var det mange som møtte opp til stormønstringa tidlegare denne veka, slik at utbygginga vart utsett med heile 24 timar. eg er ikkje heilt oppdatert på dei store sigrane i miljørørsla, eg trur det er like godt å dra parallellar til det store studentopprøret midt i 90-åra, då gudmund hernes ikkje ville betra studiefinansiseringsvilkåra. det førte til ei massemønstring av studentar som tok på seg eit gult panneband og marsjerte i gatene medan dei ropte "nei takk!" så høgt dei kunne. me som såg på takka nei til å vera med.

men desse monstermastene: onklT tok med seg mor mi til Odda på haustferie, og nytta der høvet til å fotografera ei monstermast. biletet har den venta kvaliteten, men dei som har feilfrie auge skal likevel vera i stand til å skimta ei monstermast på den flate sletta i horisonten, opp og til venstre for flaggstonga midt i biletet. hardanger har truleg sett sin siste turist.

7 kommentarer:

kjesso sa...

Er ikkje du for ung til å ha sett studentdemonstrasjonar på nittitalet?

guffen sa...

ikkje viss du ser post-strukturalistisk på det, og meiner at nittitalet er over.

kjesso sa...

Du ser kanskje poststrukturar, eg ser berre postkasser.

frode sa...

du ser i alle fall ingen nasjonalpostkasser

kjesso sa...

Brukte du nesten fire veker på å pønska ut den der?

frode sa...

ja, men så vart det ein skikkeleg onliner også.

guffen sa...

Onliner, m, oneliner som vert levert online.