27.11.10

PANNEKAKER

etter to månader med hard venting kan det ikkje vera lenge før dei siste listene på kjøkenet kjem på plass. kva me skal gjera med golvet er meir uklart. dr. A var innom for å leggja det i oktober, men sidan han ikkje tok seg tid til å venta til materialen var turr, er det fare for at me må leggja det på nytt i jola.

då me reiv ut det gamle golvet, fann me ei pannekakerøre. kor gamal ho var anar me ikkje, men sidan mor mi (av politiske grunnar) aldri kastar mat, prøvde me ho ut i dag. Det smakte nesten like godt som det såg ut.

2 kommentarer:

kukola (utan doktorgrad) sa...

Er du sikker på at det var pannekakerøre? Fargen liknar på den orginale Aslak Helleve-grønfargen, som 90 prosent av alle overflater på Helleve var malt med på 70-talet. Kan det vere restar av den de har funne? Om den fungerer som pannekakerøre, så kan de ha snubla over ei mogleg inntekstkjelde!

guffen sa...

du meiner at me kan skrapa maling av veggane og selja pannekaker borte i vegaskiftet? god idé.

apropos aslak helleve - eg har starta ein kampanje for å få besto til å invitera L-en til jolemiddag. så langt er ho lunken, så kampanjen treng truleg massiv ekstern støtte.