22.1.11

BESTEN 32

det er ikkje dags for så mykje anna enn ein ny runde med "kva seier besten?". dei nærsynte treng kanskje nokre detaljar: midt i biletet står besto og tviheld på kvart på tolvo, medan besten står ved sida av bilen sin til høgre. biletet er teke i ein av dei mest lugubre delane av b-fjorden, så det er ikkje rart dei passar på det dei reknar for viktig.

men altså: kva seier besten?

4 kommentarer:

kukola sa...

Høyrer ikkje kva han seier. Han er så langt vekke. Kan heller ikkje lese det som står over inngangen(?)."Gjenbrukshall"? "Symjeopplæringa"? "Bowlinghall"?

guffen sa...

klikk på biletet, så vert det mykje større, og besten kjem nærare.

kukola sa...

Ahh, slik. Høyrer framleis ikkje noko. Trur han er sur.

kjesso sa...

Besten mumlar for seg sjølv:

"Attbrukshall. Det burde heita attbrukshall."