4.9.11

TELEFON

besto har nyleg kjøpt seg ny mobiltelefon, sidan det ikkje var råd å skriva punktum på den gamle. ho har gått over til nokia, sidan ho las i vekebladet familien for ein åtte-ti år sidan at nokia var den beste telefonen i heile verda.

ho prøver seg fram, slik ein gjerne gjer når ein har ny telefon. planen var å senda tekstmeldinga "dette er ein prøve" til tante K. det gjekk bra ei stund, heilt til den tredje bokstaven i det siste ordet. ho fann pikerten ikkje ø-en, slik at tekstmeldinga så langt såg slik ut: dette er ein pro. sidan ho ikkje anar korleis ho rettar skrivefeil var det berre ein ting å gjera - finna eit høveleg ord som tek til på pro. det fyrste ordet ho kom på var pronomen.
kva tante K tenkte då ho fekk denne meldinga, er så langt ukjent. men det er vel rimeleg stor sjanse for at ho undra seg over at pronomen brått var vorte eit hankjønnsord.

4 kommentarer:

kjesso sa...

...eller ikkje.

frode sa...

eg vil berre informere om at eg på stølen i mars

guffen sa...

eg burde ha vore klarare på dette, men i alle fall: det er fint om alle kan melda inn kva dei skal i mars.

frode sa...

du kan få låne støvlar