12.8.15

ÆRESMEDLEM

i dag spelte far min korta sine dårleg, og har med det truleg mist sjansen til å verta æresmedlem i noregs mållag. han var på toppen av galdhøpiggen, men song faktisk ikkje fyrsteverset av "nordmannen" (som ufaglærte ofte omtalar som "mellom bakkar og berg". korleis kunne han gløyma han det? tapar.

Som alle veit, har han tidlegare sunge dette verset rimeleg høgt andre stader - scena i den norske opera (der han var den fyrste som song "nordmannen"), dirigentstolen i berlinfilharmonien, scena i palau i barcelona, frå talarstolen i byrådssalen i oslo rådhus, diskret langt bak i stortingssalen, og sjølvsagt på north bank på highbury.

Ingen kommentarer: