19.7.05

JORDBÆR

på ferien nyttar me som vanleg vegboka til NAF, på jakt etter forfattarheimar me kan vitja. me kika innom ein slik i valdres. den komande gardbrukaren var oppteken av fornying, og snakka vel og lenge om poppeltreet han gleda seg til å saga ned. far min var i kanonform, og meinte at det ville vera ei upoppelær gjerning.

litt seinare serverte husmora eit eller anna meksikansk. eg vart dårleg i magen etterpå, og me kan såleis avbekrefta rykta om at det var jordbæra som var skuld i mageverken sist veke.

1 kommentar:

Anonym sa...

Det er vel ikkje rart om husfolka held seg på stølen, når gjestane kritiserer dei slik?