3.9.07

HUMBERSET

det er berre ei veke att til valet, og eg har omsider funne ut korleis eg kan få mest ut av valet. eg røystar sjølvsagt venstre, og akkumulerer mor mi for alt ho er verd. det er vel fare for at det brist meir enn det ber, men det svaret får me ikkje før om ei veke. lokalavisene har meir enn nok med å skriva om kvivsvegen og andre tullevegar, slik at her har ikkje vore ei einaste rundspørjing på prent. det er difor plent uråd å vita korleis det går.

diverre har ein eller annan minister funne ut at det er slutt på å stryka kandidatar frå vallistene. for meg verkar dette som noko stort tull - det må då ha vore eitt høgdepunkt valdagen. til alt hell går det framleis an å føra opp personlege favorittar, og eg kjem til å røysta på desse:

* liv inga homberset, nummer 16 hjå senterpartiet
* asbjørn tore humberset, nummer 13 hjå framstegspartiet
* hildegunn homberset, nummer 8 hjå arbeidarpartiet
* kirsten homberset, nummer 17 hjå arbeidarpartiet
og eg kjem i tillegg til å akkumulera bjarte humberset, nummer 15 hjå venstre.

dei andre partia er heilt uaktuelle - kor alvorleg kan ein ta eit parti som stiller til val utan ein einaste humberset?

9 kommentarer:

Anonym sa...

Stemmer det at det finst eit advokatfirma i Volda som heiter Humberset, Humberset og Humberset?
Til frode:
Er du idiot eller?

guffen sa...

humberset, humberset, humberset og mccormick. dei uttalar namnet sitt med ein veldig luftfylt h, og u-en ligg heilt i grenselandet til ein o.

Anonym sa...

Nei, dette viste eg.

guffen sa...

frode: kven viste du det til?

Anonym sa...

Eg viste det i ein tidlegare kommentar. No må alle andre skjerpe seg.

Anonym sa...

;)

Anonym sa...

Guffen, eg synest du slepp til for mange tullingar her, slik som Kukola og onkelt. Dei virkar ikkje spesielt intelligente. Kan du stenge dei ute, eller er dei i slekt med deg?

guffen sa...

sidan dei ikkje er spesielt intelligente, er det vel ikkje noko bombe at dei er i slekt med meg.

Anonym sa...

Intelligens er for åndssvake.