30.8.07

BASMA

far min har vore ute og reist nokre dagar. dei dagane han er vekke, får eg oftast sova så lenge eg vil, sidan mor mi ikkje har det travelt om morgonen. men far min kom altså heim i går kveld, og i dag vekte han meg heller tidleg. eg sov så djupt at eg vakna med dukkarsjuke, men det gjekk over etter nokre timar.

fem på treo slit òg litt med helsa i dag. då eg var liten, sende mor mi meg i golvet med hovudet fyrst, og sidan det gjekk rimeleg bra, har ho heilt på eiga hand rekna seg fram til at det truleg går dobbelt så bra med fem på treo dersom ho vert sendt i golvet litt oftare. så langt har mor mi fått inn to fulltreffarar.

sidan det er tysdag er det på tide med eit skrått blikk på medie-noreg. den dominerande saka denne veka har vore at fotballspelaren ole gunnar solskjær legg opp. dette har vore så interessant at avisene har skrive side opp og side ned om kor sympatisk han er, og kor mange pengar han har tent. ei avis brukte tre sider på å ramsa opp alle måla han hadde skåra. dei som er uinteresserte i fotball kan grua seg til den dagen christer basma legg opp - når solskjær får ti-tolv sider i avisene, kor mange sider vil ikkje basma få den dagen han legg opp?

8 kommentarer:

Anonym sa...

Til frode
Er du dum?

Anonym sa...

Kva meiner du med at det gjekk rimeleg bra med deg? Du har jo mista taleevna.

Anonym sa...

Fakta:
Basma har lagt opp.
Eg er ikkje dum.

Anonym sa...

Basmza har ikkje lagt opp.

Anonym sa...

Einig. Basmza er ein høgst oppegåande spelar. Basma derimot spelar nett som ein som har lagt opp.

guffen sa...

i fotballrelaterte spørsmål kan det vera lurt å høyra på han som bruker tre veker av sommarferien på å sjå engelske tredjedivisjonslag spela treningskampar i tyskland, ikkje han som "reiser på stølen" kvar gong han nesten får folk på vitjing.

Anonym sa...

eg ber om orsaking og vil gjerne høyre meir om basmza. Kvar spelar han no? Sist eg høyrde om han spelte han i eit tyrkisk fjordedivisjonslag like ved Antalya.

guffen sa...

du kan tinga sjølvbiografien hans her: http://www.bookfinder.com/dir/i/Tekrar_Basmza_Gelenler/9757639451/