16.11.07

BESTEN 18

me lever i ein merkeleg tidsalder. etter tre veker utan datamaskin har foreldra mine no kome seg på nett igjen, etter å ha hatt datamaskina inne til reparasjon. datamaskinreparatørane fann sjølvsagt ikkje noko feil, og då far min pusla litt med kablane og leidningane bakpå datamaskina, viste det set at det slettes ikkje var noko gale. me lever altså i ein merkeleg tidsalder, men dette var visst eit dårleg døme.

i alle fall - tilhøva ligg godt til rette for ein liten auke i bloggeaktiviteten den neste tida. sidan det har vore lite tekst og endå mindre bilete på bloggen den siste månaden, prøver me med eit relativt nytt bestenbilete. biletet er frå sist laurdag, altså den dagen besto offisielt drog i gang jolebakstsesongen 2007. spørsmålet er som alltid: kva seier besten?

5 kommentarer:

Anonym sa...

Besten seier: Det er EG som skal maule deigrestane. Du, Guffen, skal sjå på.

Anonym sa...

Freista til å byrje noko nytt, nemleg "kva svarar Guffen"? Her ville det utan tvil ha vore
- Verken du eller 'an Ivar har tenner, de må dele!

Anonym sa...

Besten seier: Nei, det som dett på golvet skal ti på toen ha.

Anonym sa...

- Du går ingen stader!

Anonym sa...

- ... og det var då Senterpartiet for alvor..Hei! Du har ikkje høyrt det beste.