11.11.07

FLYTTING

mor mi og far min har endeleg funne ut kvar dei vil flytta. at dei vil vekk frå volda er ikkje noko bombe, men sidan det er så mange stader å velja mellom, har det altså teke litt tid å finna ut kvar vegen skal gå. spesielt far min har vore klar på at det er greitt å bu ein stad der alle skjønar at me høyrer heime, og med eit slikt utgangspunkt er det ikkje noko bombe at me til sommaren flyttar til tjukkebygdi.

så langt har dei kome opp med relativt få gode grunngjevingar for kvifor dei flyttar. dei to gjengangarane er at dei skal pussa opp eit gamalt hus, og at dei helst ikkje vil ha ungar som palataliserer.

11 kommentarer:

Anonym sa...

Tjukkebygde i Valdres?

Anonym sa...

Ojsann, skal de ha ungar med skarre-r, fødde med Bulamerke bak øyro i staden?

guffen sa...

frode: sjølvsagt er det valdres me skal til.

geo-agnes: eg skjønar ikkje spørsmålet. kva stad er det du snakkar om, der øyro skal vera bak?

Anonym sa...

Veit du om far din har nokre konkrete planar for Reform Mulie-en?

guffen sa...

far min har tenkt å leva av gardsturisme, og då er det naturleg at mulien får ei sentral rolle.

Anonym sa...

Kanskje du kan samarbeida med Engelsen Eide om ein Reform Bula-kolleksjon.

Anonym sa...

hæ?hva er dette? Skal dere til Helleve?

guffen sa...

kor leneg trur du at ein heimføding som far min greier å bu andre stader?

Anonym sa...

Ikkje så veldig leneg.

Anonym sa...

Er det mogleg å få ein kommentar frå Ottar Grepstad på at mor og far din skal til tjukkebygdi? Han er vel glad?

guffen sa...

han har ikkje sagt noko om dette, men mange i nabolaget til aasen-tunet har reagert på at det har vore mange flaggdagar den siste veka.