25.11.07

OSLO

me er på ein liten snartur til oslo. mor mi er komen litt i tidsnaud med omsyn til jolegåvehandlinga, og meininga var at ho skulle få tid til å kjøpa ei gåve eller to desse dagane. den planen fell litt i fisk, sidan ho har slumpa til å leggja inn møter og samkomer med alle ho har snakka med i oslo tidlegare, med unntak av ei kassadame på rimi, som døydde for nokre år sidan.

dagen før me reiste var me på jolebord i ørsta. det var som vanleg vellukka, og det som sit best spikra i minnet er eit innlegg som handla om soga til huset me var samla i. talaren skulle snakka i tretti minutt, men etter førti minutt var han knapt nok komen til hundreåret då huset vart bygd, så festleiaren såg ikkje anna råd enn å be han snakka litt om tapet i nokre minutt.

laurdag morgon flaug me til oslo. flyturen gjekk greitt, sett bort frå at eg spydde på far min to gonger. i oslo bur me i eit husvære med merkeleg lite dopapir, og der eigaren har sortert cd-ane sine på ein merkeleg måte.

9 kommentarer:

Anonym sa...

Kva er merkeleg med å ha 25 ex av kvar CD i pappeske? Kva synest mor di om den nye plata med Unni Boksasp frå Batnfjorden? Eg la plata fram slik at mor di skulle sjå ho.

Anonym sa...

Har du nevnt det med klakkinga for far din?

Anonym sa...

Nei, det har eg ikkje. Eg høyrer ikkje klakkinga no lenger, etter at eg bytte bil.

guffen sa...

onklt: nei, det har vore lite klakkeprat med far min. kva var det eg skulle klakka med han om?

Anonym sa...

Eg lurer på om det er returrett på kalenderane? Eg trudde nemleg det var fargetrykk.

Anonym sa...

Eg viser til fyrste kommentaren til nettbutikken.

guffen sa...

far min seier at du kan klakka i veg.

Anonym sa...

Det klakkar i kjøleskåpet mitt etter at du hengde opp kalenderen der, Guffen. Kva skal eg gjera? Må eg skru opp temperaturen?

guffen sa...

bruk dopapir.