5.12.07

GEOMETRI

me er inne i ein god geometrisk stim på guffebloggen for tida. berre dagar etter at me skreiv at besten er glad i firkanta joletre, har det no dukka opp ein geometrisk kuriositet i nabolaget. ein lokal gravemaskinist fann ei steinblokk med eit sjustjerna hol i. det seier seg sjølv at dette ikkje er eit naturleg hol, då alle naturlege hol er firkanta, og ikkje uventa har mange spurd seg kva dette kan vera. som vanleg er det dei største humoristane som har dei beste framlegga. reite er ein lokal komikar som tidlegare har samarbeidd med kristoffer schau.

viss reite har rett, er det sjølvsagt ikkje noko merkeleg i at dette holet vert plassert like ved ferjekaien i volda. ein skal reisa langt for å finna eit område der det vert synda meir, og sidan holet er så ekstremt stort, vil jo mange av dei som køyrer i land frå ferja sjå holet, og per omgåande ta kontakt med reite.

sjølv trur eg at det er asbjørnsen og moe som står bak dette holet. alle veit at sju-talet går att i folkeeventyra, tenk berre på dei sju pannekakene i eventyret om pannekaka, dei sju gode hjelparane til oskefisen, den sju meter lange brua i eventyret om bukkane bruse, dei sju trolla på heidalsskogen, dei sju sure ostane frå åmdalen, eller mannen som skulle stella heime. kvifor asbjørnsen og moe har plassert dette holet akkurat her, kjem nok av at dei kjende på seg at det skulle vera slik.

4 kommentarer:

kukola sa...

Eg tykkjer du skal feie for di eiga dør. http://tv-politiet.blogspot.com/

kukola sa...

Eg tykkjer du skal feie for di eiga dør. http://tv-politiet.blogspot.com/

kukola sa...

Eg meiner det!

guffen sa...

er det greitt om eg spreier desse kommentarane litt, eller vil du helst ha alle tre på same meldinga?