far min er ferdig med sin del av joleførebuingane - det er stort sett snakk om å gå inn på tronsmo og kjøpa ei bok til onkel t. mor mi, derimot, er ikkje halvferdig enno. nokre gåver er innkjøpte, men det som uroar ho mest er at ho ikkje har fått skipa til noko retteleg jolekortverkstad så langt. ingen har tid når ho har tid, og alle veit jo at det tristaste som finst er å sitja heilt for seg sjølv og høyra på p4s julefavoritter, samstundes som ein nippar til litt lunka gløgg og lagar jolekort. heldigvis har ho fått ferdig peparkakehuset; med litt flaks får ho òg dekorert det før jol.
sjølv går eg rundt og gler meg til homojola. eg er litt usikker på kva som vert dei viktigaste ingrediensane, men reknar med at besten og besto har nokre knep på lur. i alle fall har far min planar om å flytta gamlevegen filmklubb til nordmøre i jola, slik at me kan unngå både roald øyen og den spanske flua, og i staden sjå nokre gode homofilmar. kom gjerne med framlegg her.
1 kommentar:
Rocky Horror Picture Show. Reknar med besten og besto har alle tilropa og effektane inne. Elles kan det verta litt tamt.
Legg inn en kommentar