22.1.08

FILEFJELL

rundturen held fram. etter ei veke og vel så det med base hjå besten og besto, har me no flytta oss til oslo. her går det meste av tida med til å planleggja vinterfestveka. programmet er i grove trekk klart, men sidan dei fleste slit med å finna ut om dei skal melda seg på eller av, er det ikkje gjort i ei handvending å fordela romma.

hjå besten og besto gjekk det meste på autopilot. det einaste nye elementet var plommesyltetyet til besto - ho hadde prøvd ut ei ny oppskrift, der ein under kokinga såvidt har litt frosen tomatsuppe nedi. når ein fjernar denne suppa, bør det liggja att litt makaroni histen og pisten. elles var veret dårleg og varmegradene mange, slik at det vart lite akebretting.

det vart det heller ikkje på filefjell, sjølv om snoen låg tett. far min og mor mi køyrde rake vegen over, sidan det for ein gongs skuld hasta med å koma til oslo. her har me alt vore nokre dagar, og som vanleg låner me eit husvere med til dels dårleg proporsjonalitet mellom cd-ar og dopapir.

9 kommentarer:

Anonym sa...

Det er urovekkande at du, Guffen, har take parti i diskusjonen om Filefjell / Fillefjell. Korleis kan du, som berre er ein liten flyktning i Voss, meine at Filefjell er meir korrekt enn Fillefjell? Du kan gjera deg særs upopulær i store kretsar ved å flagge dette standpunktet i Valdres. No er det rett nok eit par år sidan temaet har fyllt opp avisspaltene i "Valdres", men både denna debatten og debatten om "Kvikako / Kvitkako" er på ingen måte ferdig.

Har de forresten liknande diskusjonar i tjukkebygdi?

Anonym sa...

Ja, no kjem eg på fleire slike usikre skrivemåtar: Voss / Vos, Tjukkebygdi / Tjukkasbygdi

Anonym sa...

Her trur eg nok vi lyt gje austlendingen rett i namnestriden. Det er ikkje vanskeleg å vere einig i at det er eit fillefjell, på linje med dei andre fjella aust for vasskiljet. Skjønt det kan vel også finnast dekning for den andre skrivemåten, avrunda og nedfilte som knausane ligg bortetter heiane...

guffen sa...

besten meiner at tjukkebygdi skal stavast tykkebygden. og eg gjev generelt ein god i korleis valdersingane stavar fjellnamn.

Anonym sa...

Korleis går det på Beito? Har far din funne barnestol til Toen?

Anonym sa...

Korleis går det på Beito? Får du logga deg på Internett?

Anonym sa...

onkel a: det går bra. nei.
frode: det går bra. nei.

Anonym sa...

Er der dorullhaldar på Beito?

Anonym sa...

Kva er dette? Det skjer jo ingenting her. Er alle "tomme" etter bryllaupsfeiringa på Beito? Korleis gjekk det eigentleg? Fekk far din dei bryllaupsgåvene han ønskte seg?