4.2.08

JANUAR

etter ein månad med uventa dårleg tilgang til internett er eg no heime att i volda. me farta litt rundt i januar, og bortsett frå nokre veker hjå besto og besten på voss budde me heile tida i husvære der eigarane av ukjende grunnar ikkje hadde satsa stort på gode tilhøve for blogging. det er ikkje anna å gjera enn å beklaga dette, og presentera ein visuell kortversjon av heile månaden. det vert hyppigare blogging i februar.


voss. far min hjelper meg med å laga snomann, og må ty til naudløysingar for at den stakkars snomannen skal overleva lenge nok til å verta fotografert.

bergen. mor mi tek med meg på akvariet, slik at eg kan læra meg å telja like fort som ho kan.

roma. mor mi framfor kolosseum. fin kjole.

oslo. kontoret til onkel j i den nye operaen.

oslo (igjen). far min held eit langt foredrag om arkitektur og harde og mjuke liner. eg søv ein skvett.

beitostølen. eg tvilar framleis på at det finst ein himmel, men får ein viss idé om korleis han eventuelt ville ta seg ut.

beitostølen (igjen). jostein viser far min at det går an å laga meir solide snomenn.

5 kommentarer:

Frode sa...

Eg synest du har vore altfor sløv på blogginga, Guffen.

"onkel" A sa...

Ja, einig

guffen sa...

det var vel det eg skreiv sjølv òg, og eg kvir meg ikkje for å skulda på utleigarane. for nokre nissar.

"Onkel" Frode sa...

Einig.

Frode sa...

Den fyrste snømannen liknar mykje på far din, Guffen. Korleis kunne han vera både modell og assistent? Den siste snøfiguren liknar ikkje på far din. Kven var modell? Tøstein Langbein?