8.3.08

KVINNEDAG

mor mi er, slik dei fleste veit, ei knallhard og kompromisslaus kvinne. ho feirer difor kvinnedagen etter vanleg folkeskikk - den dagen gjer ho ikkje ein drit. i dag tidleg fann fem over firo ut at ho ville testa om dette var sant. eg og far min hadde sjølvsagt stått opp for lenge sidan, for å sjå klar-ferdig-gå! på nrk1, og fem over firo nytta høvet til å vekkja mor mi, og krabba bortover mot sengekanten.

mot mi gav ein god ein, slik at fem over firo stupte med hovudet fyrst dei 60-70 centimetrane ned mot golvet. resultatet vart både lydrikt og fargerikt. fem over firo har bede meg om at eg ikkje publiserer bilete av ho no, sidan området mellom nasen og munnen er til dels sterkt opphovna, men ein liten flik av froskepyjamasen hennar er vel sterkt nok hint om korleis andletet hennar ser ut.

mor mi meiner at dette er slik det skal vera, og eg går ut frå at alle andre temporært farlause ungar har det på same måten i dag.

5 kommentarer:

Gruffen sa...

Om det er på denne måten det skal vera. Eg vil ikkje førast på utgiftssida når det gjeld sidetalet i NT. Eg har gong på gong teke til orde for at me skal ha fleire store bilete av bøker og briller, men blir ikkje høyrd. Om de er nokon der ute som er samd i dette, bør dei heller sende ein e-post til hege.lothe@nm.no, i staden for å ause ut sin eder og galle i eit ope og uhilda forum som dette. Sei meg, fint det ingen sensur her? Det gjeld for så vidt og desse spekulative blod og vold-bileta og.

frode sa...

for ein sutrepave

guffen sa...

meir sutring enn paving, slik eg ser det.

Frode sa...

Fem på too er i alle fall ein sutrepave. Og Guffen òg når eg tenkjer meg om.

Legg merke til at eg for ein gongs skuld tenkte meg om i det same innlegget. Det skal ikkje verta ein vane.

Trur eg.

kukola sa...

Det er uansett ingen som blir imponert over den tenkjinga. Ein eller to tankar. Og J. Sande-referansar. Prøv VG Nett.