
påsken kjem elles til å verta hugsa for alle krøplingane som var til stades. far min hinka rundt store delar av tida, og var knapt ute i friluft heile veka. i rein sympati braut tante k ankelen, godt og vel eitt år etter at ho vann oscar. bakken ho datt i var nesten like bratt som den mor mi datt i på beitostølen i januar, og mor mi har stort sett berre snakka om kor heldig ho er, som ikkje fekk varige mein etter ein slik luftetur.
sidan besten er med på biletet, og sidan han jubilerer i dag, er det fritt fram for å koma med kva seier besten-framlegg, men desse vil ikkje telja med i samandraget.
2 kommentarer:
Kan du hjelpe oss med kven som er besten?
eg er ikkje heilt sikker, bortsett frå at eg tvilar på at eg er i slekt med han framme til høgre.
Legg inn en kommentar