23.5.08

AVSLAG

dei som sveipa innom nettsida til aftenposten kunne i dag lesa denne artikkelen. to bloggarar har søkt kulturdepartementet om kunstnarløn for skrivinga si. begge har fått avslag. avisa seier ikkje kva bloggar det handlar om, men det seier seg sjølv at guffebloggen er ein av dei. for at alle skal vera oppdaterte, kopierer eg her inn teksten frå e-posten eg sende departementet.

hei trond,

du kjenner ikkje meg, men du hugsar kanskje onkelen min frå hundreårsjubileet til noregs mållag for nokre år sidan? det var han som kom heilt til sist, i den lyse sommardressen, og som elles utmerka seg ved å ta stolen til jon fosse.

dei siste åra har eg blogga om likt og ulikt. aktiviteten har aldri vore direkte stor, men no er det hakket før all respons er vekke. i tillegg til mine eigne kommentarar er det berre frode, ein gardbrukar frå vestre slidre, og den nemnde onkelen i lys dress som kommenterer. likevel ville det vore greitt om du kunne betala meg litt for dette, sidan foreldra mine har sagt opp alle jobbane sine utan å tenkja på kva me skal leva av til hausten. dei fleste andre nynorske tiltaka her i landet (mållaget, vestmannalaget og fonna forlag) får alle statsstøtte, så då burde vel eg òg få?

viss du seier ja til denne søknaden, lovar eg å røysta på deg når eg får røysterett om 15 år.

med vennleg helsing
guffen

ref: jens kåre engeset, tidlegare styreleiar i ivar aasen-museet

6 kommentarer:

Anonym sa...

Dette er eit prisverdig initiativ. Det er difor skammeleg at du ikkje er blitt vurdert vedig til statsløn. Kanskje du heller skal søkje kulturrådet? Du kjenner gjerne personar som kan hjelpe deg fram der?

No har du elles fleire tilbake på kommentarplass, så det hjelper nok litt - iallfall i kulturrådet.

SAM

Anonym sa...

Hei Guffen!

Det er klart du skal få kunstnarløn. Eg hadde ikkje tenkt så mykje på kor korttenkt far din er.

Helsing Trond

guffen sa...

fint. du kan setja inn alle pengane på 2135.10.16172.

Anonym sa...

Er ikkje det kontonummeret til far din?

guffen sa...

far min? kven er det?

Anders sa...

Han livsfilosofen med kneet, så vidt eg veit. Du får helse mellom fotballkampane.