5.5.08

MADAGASKAR

vel, det har vore ei roleg veke ved den fortvilte sjøen. besto har vore her i åtte-ti dagar; besten har vore her sidan onsdag. på vegen hit var dei innom på madagaskar, og kveldane har stort sett gått med til å visa fram bilete frå denne turen. viss interessa viser seg å vera stor nok, er det ikkje utenkjeleg at dette kan verta ein retteleg interessant serie. biletet over er frå ein landsby besto har gløymt namnet på, men det var på den nordlege delen av øya.

onsdag var mor mi travelt oppteken med kongevitjinga på jobben. ved middagen sat ho ved nabobordet til kongen, men ho sat til alt hell ved sida av ein av adjunktane han hadde med seg, ein kontreadmiral frå sjøforsvaret, slik at ho kjenner det slik at ho no har ein fot innom på slottet.

besten og besto reiser attende til voss i morgon, slik at frå no av må mor mi vaska opp sjølv.

11 kommentarer:

Anonym sa...

Korleis gjekk det med operasjonen til far din?

guffen sa...

far min? kven er det?

Anonym sa...

Postmannen.

guffen sa...

er postmannen operert?

Anonym sa...

Om postmannen er operert, er det ikkje løye det går tregt med postomberinga. Kanskje kukola kan hjelpa?

Anonym sa...

Kven er forde? Her går brevet rett i retur.

guffen sa...

det lurte eg òg på. eg tenkte fyrst på einar førde, men for det fyrste kan ein jo ikkje skriva ø i kommentator-feltet, og for det andre var vel ikkje han postmann?

Anonym sa...

Jau, Einar Forde var postmann her heime i Valdres. Han passa vassposten i mange år.

guffen sa...

var det han med nasjonalpostkassa?

Anonym sa...

jau, nett han.

No har Kari take ned att nasjonalpostkassa og erstatta henne med ei moderne, straumlineforma og glatt ny postkasse. Men postvarslaren er framleis der, viss du er interessert i eit bilete.

guffen sa...

dorfe? dorfe skappel på bloggen min? gjennombrot!