29.4.08

TEATER

i går var eg på teater. eg trur det er fyrste gong noko slikt har hendt meg, og eg vonar det vert lenge til neste gong. stykket var karius og baktus, men i staden for å halda seg til det opphavlege tekstførelegget, altså romanen til torbjørn egner, hadde dei laga ein ny slutt der karius og baktus forsvinn ut av munnen til jens og ut på havet. for noko tull. eg vart reint trist der eg sat. viss det er slikt ein driv med på teater, kan dei ikkje rekna med at dei får meir av sparepengane mine.

besto har vore her nokre dagar, slik at det vert litt skikk på hushaldet. ho vaskar opp og vaskar golv, og kokar graut og broderer litt makramé. mor mi har det travelt før kongen kjem i morgon, og far min klamrar seg fast til dei siste restane av krøplingkortet. i morgon skal han opererast, slik at det ikkje er mange vekene før han må ta den tunge vegen tilbake til det vanlege livet.

4 kommentarer:

Anonym sa...

det er ein tendens her på guffebloggen i retning av at talet på kommentarar går ned. Eg trur du må gjera nokre grep:
1) utesteng kukola og onkelt. dei har lite å bidra med.
2) frynsegode til dei som skriv, dette kan vera raudvin og potitgull
3)skriv mindre om far din. han krøplingen er berre eit fåtal, keisame menneske interessert i å lesa om.

guffen sa...

viss guffebloggen skal verta ei demokratisk nettside der kven som helst kan koma med innspel til innhaldet, går det galne vegen. eg ignorerer difor punkt 1 og punkt 2, men satsar sterkt på punkt 3. i heile mai vert ikkje far min omtala i det heile, så får me sjå korleis dette spelar inn på kommentarmengda.

Anonym sa...

Eg trudde ein knytte makramé og ikkje broderte, men dette kan du tydelegvis meir om.

guffen sa...

ja, eg reagerte òg litt på det, men eg tenkte at besto fekk halda fram slik ho stemna.