9.7.08

GJESTEBOD

om fem dagar skal me flytta, og prosessen med å redusera flyttelasset held fram. i matbua innom kjøkenet står det enorme mengder hermetikk, og me ser ingen grunn til å dra dette med til voss. er det noko dei har nok av i butikkane på voss, er det hermetikk. det vert omtrent som om folk som flytta til fjærland skulle ha med seg eit bremuseum.

dei fem neste dagane et me altså opp denne hermetikken, etter fylgjande mønster:
torsdag: bønner. middagen vert sett saman av to boksar kidney beans, ein boks chili beans, fire boksar tomatbønner, ein boks garbanzo beans, to boksar refried beans (med ein ikkje heilt ideell barbecue-smak), og ein boks brekkbønner.
fredag: indisk. middagen vert sett saman av to glas tikka masala-saus, to glas tandoori-saus, og eitt glas indian korma-saus. (mor mi kjem truleg til å snakka indisk-engelsk under middagen.)
laurdag: pastasaus. denne dagen vert det ein enkel middag, sett saman av fire glas pastasaus. eitt av desse glasa er økologisk.
sundag: fruktsuppe. me kokar suppe på fem små boksar med oppkappa ananas, og ein stor boks med halve fersken i sukkerlake.
måndag: tomatsuppe. me kokar suppe på to boksar tomater med basilikum og oregane, og to boksar tomater i chili.
tysdag: flyttedagen. alle er sjølvsagt inviterte til å vera med på å bera flyttelasset ut i flyttebilen. når alt er på plass der, lagar me ein gryterett med restar frå dei fem dagane, garnityrert med to små boksar maiskorn.

velkomne kvar og ein.

5 kommentarer:

Sondre sa...

Eg kan bidra med litt bønnesaus. Det får fart på magen.

PS. Er det fleire sugerøyr att?

guffen sa...

auksjonen er ikkje avslutta. høgaste bodet er 50 kr for sugerøyra.

kukola sa...

hæ? eg bau det motsetta av frode. Er ikkje det høgre?

guffen sa...

eg trudde det var fluffen du var interessert i.

kukola sa...

eg høyrde frode var interessert i blåserøyra.