5.8.08

JORDBRUK

i går kveld kom flyttelasset vårt til voss, sånn omtrent rett etter at eg burde ha lagt meg. ein svær gul lastebil, ein tysk sjåfør, ein latvinsk berar, og ei tysk småjente var med på turen. kassene for ut av bilen i eit høvisk tempo, mest av di besten krabba inn i bilen og lempa kasser ut. spesielt den tyske sjåføren var imponert, og besten fekk så mange rosande ord på svensk at han ikkje fekk sova i natt.

det er mange som bur i altfor store hus. ein grei måte å finna ut om huset er stort nok, er å plassera heile flyttelasset i stova og på kjøkenet. viss det er mogeleg å flytta seg rundt i desse romma medan dei er fulle av øskjer, er huset i største laget. dette var mogeleg i huset vårt i dag, men likevel valde far min å køyra eit tresifra tal øskjer med bøker opp i gamlahuset. det er ikkje kvar dag han køyrer bil med tilhengjar, men greidde likevel å pløya ganske grundig rundt huset samstundes som han flytta bøker. kanskje han likevel har von om ei framtid i jordbruket.

6 kommentarer:

Anonym sa...

kvifor ikkje bruke bøkene til jordforbetring? fungerer bra med lyrikkbøker frå 70-talet

Anonym sa...

Eg meinte det ikkje slik.

guffen sa...

ok. viss du vert ferdig med våronna, kan du kanskje forklara korleis du meinte det?

Anonym sa...

Våronna? Er det Olav Sletto som har skrive den?

Anonym sa...

Er det mogleg å få ei oppdatering om restaureringa av det gamle vossaskjulet de skal bu i? Har far din bestemt seg for plassering av troppa? Eller blir det husvogn dei neste 30 åra?

guffen sa...

"antonym"? er ikkje det omtrent det same som "antinym"?